Klart for gjensyn med Superfrog

Det restaurerte plattformspelet frå Worms-skaparane har fått lanseringsdato.

I god tid før dei for evig og alltid etablerte seg som «Worms-studioet» laga Team 17 plattformspelet Superfrog til Amiga, eit spel som henta inspirasjon frå blant anna Sonic-serien. I Superfrog måtte du samle myntar medan du navigerte deg gjennom nivåa. Hadde du ikkje mange nok ved slutten av nivået fekk du ikkje lov til å opne utgangsdøra.

Tidlegare i år blei det kjent at Team 17 jobba med ein HD-versjon av Superfrog som har fått det enkle og greie namnet Superfrog HD. No har oppussingsprosjektet fått endeleg lanseringsdato for PlayStation 3 og PS Vita 31. juli, får vi vite gjennom ei pressemelding.

Slik blir Superfrog HD sjåandes ut.

Ny drakt for gammal helt

Superfrog HD blir ei totalrenovering av originalspelet. Som i den første utgåva av spelet vil Superfrog HD by på 24 nivå, men i staden for å vere dei same nivå med ny grafikk, har utviklarane valt å lage nye nivå basert på originalane. Dei gamle nivåa vil likevel kunne låsast opp gjennom ei fruktmaskin i spelet.

Om dette ikkje skulle vere nok for å halde deg gåande kjem spelet med ein nivåbyggar du kan bruke til å skru saman dine eigne utfordringar.

Superfrog HD vil ta full nytte av å vere eit spel lansert for både PlayStation 3 og PS Vita. Først og fremst er det eit Cross-Buy-spel, noko som vil seie at om du kjøper ein versjon låser du opp den andre, og du kan bruke lagrefila frå den eine versjonen på den andre.

Hakket meir spanande er likevel at du kan velje å spele PlayStation 3-versjonen med PS Vita. Nyttar du denne moglegheita vil Vita-skjermen vise tips som kan hjelpe deg vidare. I tillegg kan du springe gjennom portalar som flyttar Superfrog frå TV-skjermen til Vita-skjermen medan han utforskar skjulte område.

Les også: Anmeldelse: Worms Revolution Les også: Anmeldelse: Storm

Siste fra forsiden