Klart for kamp med stridsvogner

World of Tanks lanserast på Xbox 360 neste veke.

World of Tanks er blandt dei mest populære MMO-spela på marknaden. For knapt eit år sidan skraut utviklarane hos Wargaming.net over at dei hadde nådd heile 45 millionar spelarar. Spelet der du styrer diverse stridsvogner i kamp mot andre stridscogner er gratis å spele, men byr som dei fleste andre gratisspel på mange valfrie mikrotransaksjonar der du kan kan handle betre stridsvogner og raskare samling av erfaringspoeng, for å nemne noko.

Suksessen har ført til at Wargaming.net har utvida porteføljen sin med det komande spelet World of Warplanes, samt ein Xbox 360-versjon av World of Tanks.

Lad kanonane

Tida er inne for å sprenge ei stridsvogn.

I dag har Wargaming.net sendt ut ei pressemelding der dei fortel at World of Tanks vil opne slusene for alle som vil vere med onsdag 12. februar. For dei som har Xbox Live Gold-konto vil det vere gratis å bli med på krigføringa, medan alle andre vil få ein prøveperiode på sju dagar når dei lastar ned spelet. Etter det må dei ha eit gullabbonement for å halde fram.

World of Tanks Xbox 360 Edition vil by på eit nytt kontrollsystem og brukargrensesnitt tilpassa konsoll, og er utvikla av F.E.A.R. 3-utviklarane hos Day 1 Studios. Spelet byr på over 100 ulike stridsvogner frå USA, Storbritannia og Tyskland, og vil bli utvida med meir innhald i tida framover.

Vi hadde mykje godt å seie om PC-versjonen av World of Tanks. Neste veke finn vi ut om Xbox 360-versjonen held like høg standard.

Sjølv om World of Tanks snart dukkar opp på Xbox 360 er ikkje utviklarane bak utelukkande positive til Microsoft-konsollen. I sommar retta Wargaming.net-sjefen Victor Kislyi kritikk mot regelsettet til Microsoft som gjer det tungvindt å oppdatere spelet raskt.

Siste fra forsiden