Klart for vampyrjakt med Van Helsing

Det overnaturlege actionrollespelet har fått dato.

For ganske nøyaktig eit år sidan kunngjorde den ungarske utviklaren Neocore Games The Incredible Adventures of Van Helsing. I dette actionrollespelet tek du på deg rolla som sonen til vampyrjegaren Abraham Van Helsing som er rimeleg godt kjent frå Bram Stoker si forteljing om vampyren Dracula.

Utviklarane lovar eit spel som let deg gå til kamp mot alskens overnaturlege beist medan du skrur saman Van Helsing akkurat slik du sjølv vil. Spelet byr ikkje på noko klassesystem i ordinær forstand, men lar deg i staden velje eigenskapar heilt fritt frå fleire eigenskapstre.

Mann mot monster. Kven vil vinne?

I dag har Neocore Games sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet blir tilgjengeleg for Windows gjennom Steam 22. mai. Alle som førehandskjøpar spelet får umiddelbar tilgang på den opne betaen som pågår no. Originalt blei spelet kunngjort for både PC og Xbox 360, men kva som er ståa med Xbox 360-versjonen seier ikkje pressemeldinga noko om.

Ved sidan av å by på ein kampanje for ein spelar, vil du kunne samarbeide med andre spelarar over nettet. For å gi oss eit nærare innblikk i korleis spelet fungerer i praksis har Neocore Games lagt ut ein trailer som du kan sjå nedanfor.

Les også: Anmeldelse: Castlevania: Lords of Shadow: Mirror of Fate Les også: Spill vampyr i snikespillet Dark

Siste fra forsiden