Klokka er valfri i Dead Rising 3

Zombie-oppfølgjaren får marerittmodus for tapre sjeler.

Dead Rising-serien til Capcom har hausta solid popularitet opp gjennom åra, men eit element har sett svært delte meiningar. I dei tidlegare spela i serien har klokka tikka og gått konstant medan du spelte. Mange oppdrag kunne berre gjerast innanfor gitte tidsrammer, og om du ikkje klarte dei ville du feile akkurat det oppdraget. I praksis betydde det at folk kunne døy og viktige hendingar kunne gå deg hus forbi. Mange likte ikkje dette, medan andre igjen verdsette det for å skape ulike opplevingar kvar gong du spelte.

Valfri utfordring

I Dead Rising 3 har denne klokka blitt fjerna, men berre delvis. Sjølv om spelet i utgangspunktet ikkje brukar denne klokka lenger, kan du slå den på i ein marerittmodus som vil gjere alt den kan for å gjere livet ditt surt.

Du kan velje sjølv om du vil vere under tidspress eller ikkje.
Du kan velje sjølv om du vil vere under tidspress eller ikkje.

Dead Rising 3-produent Josh Bridge forklarar konseptet i eit intervju med AusGamers:

«Vi bygde bevisst ein modus utan klokke, og ein modus med klokke som begge følgjer den same historia. Om du vil kan spelet servere deg rumpa di i marerittmodusen der tidsfristen vil tvinge deg til å følgje ein timeplan. Går du tom for tid vil ei atombombe sannsynlegvis øydeleggje heile området. Om du berre vil vere fri til å utforske i ditt eige tempo kan du gjere det òg.»

Eit anna element som berre blir gjeldande i marerittmodusen er at du må finne eit toalett for å lagre spelet ditt. Dette systemet var gjeldande i dei tidlegare spela, men ser ut til å vere borte om du vel å spele Dead Rising 3 utanfor marerittmodusen.

Det beste med denne modusen ser derimot ut til å vere at du kan hoppe fram og tilbake mellom den og standarmodusen som du sjølv vil sidan all framgang blir lagra frå den eine til den andre.

Les også: Anmeldelse: Dead Rising 2: Off the Record
Les også: Sniktitt: Yaiba: Ninja Gaiden Z

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen