(Bilde: Microsoft)

Knus berg- og dalbaner til våren

RollerCoaster Tycoon-inspirerte ScreamRide har fått dato.

Frontier Developments har lang erfaring med å byggje berg- og dalbaner. Dei stod bak det første RollerCoaster Tycoon-spelet, og har sidan den tid utvikla fleire spel i serien. Med sitt nyaste prosjekt går dei tilbake til røtene sine, men gjer samtidig ei rekke krumspring for å fornye sjangeren.

I ScreamRide skal du ikkje berre byggje fartsfylte attraksjonar, du skal gjere dei så skremmande som mogleg, og ikkje minst øydeleggje dei. Der du elles gjerne berre byggjer berg- og dalbaner før du klappar deg sjølv på ryggen og nyt synet av ein godt utført jobb, er store delar av målet i ScreamRide å få folk til å skrike i panikk.

Via Eurogamer får vi i dag vite når vi sjølve kan byggje livsfarlege attraksjonar, og ScreamRide vil lanserast på Xbox One og Xbox 360 6. mars.

Inspirasjon frå Burnout

ScreamRide kjem med 50 ferdige baner, og tre ulike modusar. I dei tre modusane vil du få teste ut banene som ein testperson, byggje baner som ingeniør, eller gjere det du kan for å skape mest mogleg øydelegging. Ein robust fysikkmotor skal vere med på å skape kjedereaksjonar av konstruksjonar som fell mot bakken, og utviklarane hevdar Burnout-serien har vore ein inspirasjon. Dette kan du sjå døme på sjølv i videoen nedanfor artikkelen.

For alle som likar å skryte av kva dei har fått til, vil det bli mogleg å dele alle banene du har bygd med omverda.

Frontier Developments har ved sidan av å byggje mange berg- og dalbanespel opp gjennom åra òg vore ein trufast Microsoft-partner. Dei utvikla Kinectimals til Xbox 360, samt Zoo Tycoon til lanseringa av Xbox One. Ved sidan av ScreamRide er dei for tida i full sving med den Kickstarter-finansierte romsimulatoren Elite: Dangerous.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen