Blogg

Kodar - øydelegg dei spelopplevinga?

Spørsmål som "Kvar finn eg kodar til spel x" er ein gjengangar her på forumet. Og like sikkert som at nokon vil kome med ein variant av "Google it", dukkar det opp kommentarar om at kodar øydelegg spelet.

Eg brukar nesten aldri kodar sjølv, men det har hendt at eg har funne fram ei kode eller to, særleg i mine yngre dagar. Etterkvart som eg har blitt eldre, har eg gått bort får å bruke kodar. Det er ingen ting som kan måle seg med kjensla du sitter igjen med etter å ha kjempa deg igjennom eit tilsynelatande umogleg spel med rå handemakt, eller rettare sagt fingermakt, utan å ha brukt kodar.

Skjermbilde fra Painkiller

Alt i alt er nok eg ein motstandar av kodar, men eit besøk hos ein kamerat fekk meg til å endre dette synet. Han satt og spelte Painkiller då eg kom. Eg sat med roleg ned for å sjå på medan han spelte. Etter ei stund trykka han elegant på §-knappen, og ned kom konsollen. Og til min store støkk skreiv han inn ei kode. Eg rista oppgitt på hovudet, og tenkte at det var for gale å øydeleggje eit så flott spel med å bruke kodar. Kameraten min spelte gladeleg vidare han. Og etter at den verste støkken hadde lagt seg, la eg merke til kor artig han hadde det. Han storkoste seg, og hadde det minst like artig som det eg hadde det då eg spelte Painkiller utan kodar.

Medan eg satt der og såg på at han spelte, flaug tankane mine attende til min glade barndom. Eg tenkte på den tida då kodar ikkje var blant dei sju dødssyndene, og kor artig eg eigentleg hadde hatt det. Hadde Starcraft vore det same utan "Black sheep wall" og "Show me the money", og kva hadde GTA vore utan "suckmyrocket" og "itsgallus"? Mange vil kanskje hevde at eg har øydelagt desse spelperlene ved bruk av kodar. Det kan godt hende det, men ein ting er sikkert: Eg hadde det utroleg artig. Og det er vel det det heile handlar om.

No trur eg at eg skal gå og utforske San Andreas med mine nye venar HESOYAM og LXGIWYL.

Siste fra forsiden