Kojima foreslår pilotepisodar for spel

Episodebasert underhaldning er berre byrjinga om vi skal tru Metal Gear-skaparen.

Spelutvikling blir stadig dyrare. Sjølv om indiescena har tatt av i nyare år, er det framleis dei verkeleg store produksjonane som får mest merksemd. Med utviklarteam som nokre gongar kjem opp i hundrevis av personar, samt skyhøge budsjett er det ikkje mykje rom for feilmargin. Dette har vi sett mange døme på etter at mange utviklarar har gått dukken etter ein fiasko.

Hideo Kojima frå Konami har i eit intervju med EDGE kome med sine syn på va ein kan gjere for å overleve i framtida:

«Vi kan gjere mange ting meir realistiske, men det betyr ikkje at vi burde. Vi må prioritere, og dette vil skilje mellom dei som lukkast og dei som ikkje gjer det. Eit djupt spel på 20 til 30 timar treng kanskje større team og kan ta tre til fire år å lage», fortel han før han held fram:

«Eg trur vi kan finne andre måtar å takle dette problemet på: Noko som minnar om TV-seriar der vi produserer ein pilot for å sjekke responsen før vi går heilt inn i eit prosjekt. Det kan bli tilgjengeleg via nedlasting slik at spelarane kan teste det før produksjonen held fram. Noko slikt vil ikkje ta så lang tid å lage, kanskje eit år, og om det fungerer kan vi halde fram produksjonen.»

Som eit ledd i dette ser Kojima føre seg at vi kan få mykje større fokus på kommunikasjonen mellom utviklarar og spelarar gjennom utviklingsprosessen:

«Eg trur det blir meir sosialt og interaktivt i framtida. Vi får tilbakemeldingar frå brukarane, og med det får vi ein dialog mellom brukarane og skaparane.»

Kojima hadde nyleg stor suksess med Metal Gear Rising: Revengeance som blei utvikla av Platinum Games. For tida jobbar han med Metal Gear Solid: Ground Zeroes som nyttar den grafikkmotoren Fox Engine. Både spelet og motoren skal visast fram på GDC-messa i San Francisco i slutten av månaden.

Les også: Metal Gear Rising får ekstrainnhald
Les også: Kojima starter Los Angeles-studio

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen