Konkurranse The Settlers: Kingdoms of Anteria

Vinn betanøkler til det neste Settlers-spillet

No får du sjansen til å finne ut korleis framtida til serien blir.

Oppdatering torsdag 23. oktober klokken 13:12: Konkurransen er nå avsluttet og alle nøklene er delt ut.

I over 20 år har The Settlers sjarmert spelarar verda over med sitt store fokus på å byggje opp ein velfungerande økonomi. Ved sidan av å sørgje for at alle har ein stad å bu, må du passe på å ha nok byggjemateriale, mat og verkty. Det meste skjer i fleire ledd, og skal du til dømes fore opp feite grisar må du først lage mat til dei, verkty krev leiting etter mineral, og du får ikkje brukt gullet du har hamra ut frå ei mine utan å byggje ein myntmakar først.

Serien har sidan starten halde seg ganske trufast mot den same formelen utviklarane Blue Byte skapte med det første spelet, men no står vi ovanfor den største endringa serien har sett så langt.

Kongeriket blir større enn nokon sinne i The Settlers: Kingdoms Of Anteria.
Kongeriket blir større enn nokon sinne i The Settlers: Kingdoms Of Anteria.

Totalrennovering av serien

Med The Settlers: Kingdoms of Anteria tek Blue Byte The Settlers eit stort steg i ei ny retning. Denne gong må vi kople oss på nett for å spele, og vi kan vitje andre spelarar for å byte varer, eller for å reise på eventyr saman med dei.

Kriging om nye område er fjerna frå spelet, og vi får i staden eit spel delt i to heilt separate modusar. Når du er i ditt eige rike treng du aldri uroe deg over om andre skal invadere. I staden får du all den tid du treng til å byggje opp effektiv produksjon av varer. Her har det likevel skjedd store endringar, og dei gamle og velkjende mekanikkane er forkasta til fordel for eit system som vektlegg å setje opp detaljerte produksjonskjedar der du får langt større kontroll over kvar ressursane dine går.

Den gamle krigføringa er byta ut til fordel for ein Diablo-inspirert eventyrmodus.
Den gamle krigføringa er byta ut til fordel for ein Diablo-inspirert eventyrmodus.

Den andre delen av spelet hentar inspirasjonen sin frå actionrollespel som Diablo. Her får du reise ut på eventyr med ein eller fleire heltar for å utforske ulike område aleine eller saman med andre. Desse eventyra sender deg ut i kamp mot både store og små fiendar, og kjem du heilskinna gjennom det kan du ta med deg gevinsten tilbake til kongeriket ditt.

Slik blir du med i trekningen

No kan du sjølv få sjansen til å bli med i betatesten til The Settlers: Kingdoms of Anteria. Vi har 260 betanøklar å dele ut, og alt du treng gjere for å vere med i trekninga er å melde din interesse i skjemaet under. Vi sender ut nøklene torsdag 23. oktober.

Oppdatering torsdag 23. oktober klokken 13:12: Konkurransen er nå avsluttet og alle nøklene er delt ut.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen