Konsolleksklusive Metal Gear-oppdrag blir tilgjengelege for alle

Metal Gear Solid: Ground Zeroes blir utvida med gratis tillegg.

Då Metal Gear Solid: Ground Zeroes blei lansert i mars fekk Xbox- og PlayStation-publikummet to litt ulike opplevingar. På PlayStation 3 og PlayStation 4 fekk spelarane prøve seg på oppdraget Deja Vu der vi får gå inn i rolla som Snake slik han såg ut i det aller første Metal Gear Solid-spelet på PlayStation 1. På Xbox 360 og Xbox One fekk spelarane i stadenta på seg rolla som Metal Gear Rising: Revengeance-helten Raiden i oppdraget Jamais Vu.

I ein Kojima-podkast tidlegare i dag avslørte Hideo Kojima at alle no vil få tilgang til alt innhaldet i Metal Gear Solid: Ground Zeroes, skriv Eurogamer. Det PlayStation-eksklusive oppdraget vil bli tilgjengeleg som ei nedlasting på Xbox, medan det Xbox-eksklusive oppdraget blir tilgjengeleg på PlayStation. Utvidingane vil bli gratis å laste ned.

Førebels berre i Japan

Denne karen dukkar snart opp på Xbox, i alle fall i Japan..

Førebels har Kojima ikkje nemnt noko om innhald til Xbox One, noko som kan vere ein naturleg konsekvens av at Xbox One i likskap med i Noreg enno ikkje er lansert i Japan. På PlayStation 3, PlayStation 4 og Xbox 360 vil innhaldet bli tilgjengeleg 1. mai.

Denne kunngjeringa gjeld førebels berre for Japan, og europeiske representantar har til gode å stadfeste noko. Det ville derimot ha vore veldig pussig om Kojima og Konami valde å halde dette innanfor Japans landegrenser.

Vår mann var ikkje heilt overbevist etter lanseringa av Metal Gear Solid: Ground Zeroes. Det er eit ganske kort spel, og Magnus meinte det heile var ein heilt unødig prolog:

«Gameplayet er av solid kvalitet, og hovedkampanjen kjem garantert til å underhalde ved første gjennomspeling. Kampanjens korte varigheit kan derimot ikkje reddast av verken dei uinteressante ekstraoppdraga, eller den traurige fangeleiren, som er den einaste staden spelet føregår. Camp Omega tåler rett og slett ikkje gjenspeling nummer to, tre eller fire, noko den er pent nøydt til om det korte hovedoppdraget skal ha noko føre seg, uansett om du bruker sju minuttar eller to timer.»

Det er ikkje alle som er misnøgde med Metal Gear Solid: Ground Zeroes. Are frå podkast-gjengen RadCrew var likte det han erfarte.

Siste fra forsiden