Konsollforbodet i Kina kan gå mot slutten

Kan verdas største land bli verdas største spelmarknad?

I 2000 bannlyste Kina spelkonsollar. Grunnen var såre enkel; uro over kor vidt mykje speling kunne ha negativ effekt på den fysiske og mentale utviklinga til born. Som eit resultat har PC-marknaden vakse seg stor i landet, og med det svært utbreidd piratverksemd.

Samtidig har Kina vore ein interessant marknad for det som berre kan kallast piratversjonar av spelkonsollar frå andre land. Sist ut var ein dårleg kamuflert PS Vita-kopi.

Skal vi tru teknologinettstaden The Verge kan dette derimot vere i ferd med å endre seg. Ei kjelde i regjeringa har i følgje dei sagt at lovverket er under vurdering:

«Vi evaluerer regelverket, og har utført nokre undersøkingar, samt hatt samtaler med andre departement om moglegheita for å opne opp konsollmarknaden. Sidan forbodet kom frå sju departement for over ti år sidan, må derimot alle partia samtykke for at vi skal heve forbodet.»

Dette utsagnet har slått svært positivt ut for Nintendo og Sony allereie. Sony sin aksjekurs i Tokyo har stige 9,1 %, medan Nintendo sin aksjekurs har stige 3,4 % sidan nyhenda om ei mogleg oppheving av konsollforbodet blei kjent.

Om konsollforbodet skulle bli heva kan det få mykje å seie for spelindustrien. Med over 1,3 milliardar innbyggjarar er Kina verdas største land, og ein rimeleg stor samling personar som berre ventar på å bli med i den frådande konsollkrigen som er rett rundt hjørnet.

Les også: Arbeidere på Xbox-fabrikk truet med masseselvmord
Les også: – Neste generasjons konsoller er uinteressante

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen