(Bilde: Destructive Creations)

Kontroversielle Hatred får sommarslepp

Massedrapspelet har vekt sterke reaksjonar verda over.

I fjor haust kunngjorde polske Destructive Creations actionspelet Hatred. I dette spelet skal du i rolla som ein antagonist kreativt kledd i svart frakk og svart hår utøve så mykje vald du er i stand til. Hovudpersonen hatar alt og alle, og brukar dette som motivasjon for å slakte ned folk. Dette er er i grove trekk det spelet går ut på. Du drep sivile, du drep politifolk, og på vegen skal du øydeleggje så mykje som mogleg.

Etter eit halvt år med kontroversar har Destructive Creations i ei pressemelding avslørt at Hatred har fått lanseringsdato, og vil bli tilgjengeleg på Steam frå og med 1. juni. Datoen blei i følgje pressemeldinga bevisst satt for å ikkje kollidere med storspelet The Witcher 3: Wild Hunt.

Vekte sterke reaksjonar

Alle må dø i Hatred.
Alle må dø i Hatred. Bilde: Destructive Creations

Hatred vekte umiddelbart sterke reaksjonar frå både presse og publikum då det blei kunngjort. Epic Games ville ikkje assosierast med spelet, og nekta utviklarane å bruke Unreal-logoen i spelet, sjølv om spelet nyttar Epics grafikkmotor. I tillegg blei spelet nekta tilgang på Steam, noko som likevel raskt blei endra på etter at Valve-sjef Gabe Newell tok grep.

Gameplayet i Hatred hentar inspirasjon frå stikkeskytarsjangeren, og du styrer massemordaren frå ein isometrisk synsvinkel medan du tek livet av folk med eit variert arsenal våpen.

Ein fersk trailer viser dette i svært grafisk detalj, og demonstrerer ei rekke groteske måtar å drepe folk på. Hovudpersonen skjer over halsen på folk, trampar hovud ned i asfalten, og brukar flammekastar på grupper med sivile. Dei konkrete handlingane i spelet er ikkje noko nytt, men konteksten der du angrip uskuldige for så å få politiet på nakken er svært uvanleg, og er hovudårsaka til dei sterke reaksjonane spelet har fått.

Du kan dømme sjølv ved å sjå traileren nedanfor.

Om Hatred skulle bli for sterk kost kan du eventuelt bruke tida på hakket meir humoristiske Postal 2, som nett fekk nytt innhald, 12 år etter lansering.

 

Kommentarer (40)

Forsiden akkurat nå

Til toppen