Kopps-regissørens spel visast fram

Starbreeze gir oss detalar og ein trailer for samarbeidsprosjektet.

For omlag eit år sidan blei det kjent at Josef Fares, den svenske regissøren bak filmar som Kopps og Jalla!Jalla! Innleia eit samarbeid med Starbreeze. Den gong blei det sagt at studiet bak The Chronicles of Riddick skulle hjelpe Fares med å vekkje ein heilt ny idè til livet.

I dag kan Eurogamer fortelje oss dei første detaljane om spelet som har fått namnet Brothers: A Tale of Two Sons. I samarbeid med 505 Games vil Starbreeze og Fares ta oss med på ei historie der to gutar må finne det legendariske Water of Life for å redde sin sjuke far.

– Vi ville kombinere den djupe, fengslande historia til ein film med den fysiske opplevinga til eit spel. Vi vil la spelarane kome nær karakterane medan dei reiser over store, interaktive område som fredelege vista, skumle skogar, og farlege fjellsider, fortel Josef Fares.

Dette er alt vi så langt veit om Brothers: A Tale of Two Sons. Den første traileren kan du sjå nedanfor, og den viser opptil fleire av dei flotte områda Fares snakkar om.

Brothers: A Tale of Two Sons blir tilgjengeleg til våren på Xbox Live Arcade, PlayStation Network og Steam.

Les også: Payday: The Heist oppfølger kommer
Les også: Syndicate-utvikler lager gratisspill

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen