Kor mange liv kan du berge i skrekkens hus?

Grøssarspelet Until Dawn lanserast på seinsommaren.

Supermassive Games

Until Dawn er eit PlayStation 4-eksklusivt grøssarspel som vel ei svært enkel, men likevel uvanleg vinkling for spel i denne sjangeren: Å la ei gruppe tenåringar døy for fote i ei isolert hytte i audemarka.

Oppskrifta er velkjend for alle som har sett ein skrekkfilm eller to, men i spelverda nyttast som regel heilt andre vinklingar der folk med eller utan våpen eine og aleine prøvar å overleve mot ukjende krefter.

Lansering før hausten

Denne karen kan umogleg ha reint mel i posen.

I eit ferskt innlegg på PlayStation-bloggen får vi vite at Until Dawn no har fått lanseringsdato 26. august. I tillegg avslører utviklarane hos Supermassive Games at den kjende svenske skodespelaren Peter Stormare er med på rollelista, og låner både andlete og stemme til ein figur i spelet. Frå før er Heroes-stjerna Hayden Panettiere med på rollelista.

I Until Dawn møter vi åtte vener som legg ut på hyttetur. Som ei kvar skrekkhistorie med respekt for seg sjølve går dette naturlegvis raskt strake vegen åt ein glodheit stad. I motsetning til filmar basert på same tema får du i Until Dawn styre alle dei åtte personane på ulike punkt i spelet, og det er dine eigne feiltrinn eller kloke val som bestemmer kven som lev og kven som døyr.

Utviklarane fortalde i eit intervju med Gamer.no at spelet byr på så mange ulike kombinasjonar av korleis historia kan utvikle seg at det byr på hundrevis av sluttar. Utviklarane kunne og fortelje at dei under utviklinga har brukt ei «fryktmaskin» for å måle kor skremde testspelarane blei.

Siste fra forsiden