Kroken på døra for mobilt Ultima-spel

Ultima Forever går inn i sin siste månad før det er over og ut.

Få seriar har vore like viktige for rollespelsjangeren som Ultima. Serien som for tida har heim hos EA starta for over 30 år sidan då Richard Garriott, kanskje betre kjent som Lord British realiserte sine drauma om digital magi og sverdkamp.

Sjølv om serien har hatt mykje å seie for rollespel generelt, og ikkje minst nettbaserte rollespel, har EA slite med å halde serien vital. For nokre år sidan kunngjorde dei gratisspelet Ultima Forever, eit iOS-spel som gjennom både gratis og betalt innhald skulle vekke nytt liv i serien.

Skjermbilete frå Ultima Forever.
Skjermbilete frå Ultima Forever.

Slik har det ikkje gått. Tidlegare i år stengde EA dørene til Ultima Forever-utviklaren Mythic, og med et lukta nok mange ugler i mosen. No fortel utviklarane via forumet sitt at EA vil stenge serverane, og at spelet difor ikkje vil bli tilgjengeleg lenger. Om du er ein ivrig Ultima Forever-spelar vil du kunne halde fram med å spele til 29. august. I løpet av spelets siste månad vil spelarane kunne dra nytte av diverse bonusar, og våpen og utstyr vil ikkje gå i stykker.

Mobilfiasko

Mythic Entertainment skapte eit namn for seg sjølve med Dark Age of Camelot. Seinare laga dei og Warhammer Online: Age of Reckoning. Ved sidan av å lage Ultima Forever for EA, laga dei og det høgst kontroversielle mobilspelet Dungeon Keeper. Dette spelet var så tregt og fult av mikrotransaksjonar at sjølv Dunegon Keeper-skaparen Peter Molyneux kom med hard kritikk.

Ultima-skapar Richard Garriott er på si side i full sving med sitt Kickstarter-finansierte rollespel Shroud of the Avatar. Med det spelet håpar han å finne opp rollespelsjangeren på ny.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen