Kronerulling for blodig bilsport

Utviklarane av Carmageddon-serien ber fansen om hjelp.

1997 var eit heidundrande år for spelindustrien. Perler som Final Fantasy VII, Turok: Dinosaur Hunter, Dungeon Keeper og Fallout gjorde timeplanen vanskeleg å organisere for dei fleste. For mange var det derimot berre eitt spel som gjaldt; Carmageddon.

Dette uhyre valdelege spelet sette i si tid ein ny standard for svart humor. Du fekk til dømes poeng for å køyre ned gamle damer og for få innvolane til fredelege kyr til å sprute over asfalten. I ei av fleire brutale kjerrer med piggar og knivblad på hjula køyrde du gjennom meir eller mindre realistiske område medan du lytta til dei aggressive tonane frå Fear Factory.

Tidleg skjermbilete frå Carmageddon: Incarnation.
Tidleg skjermbilete frå Carmageddon: Incarnation.

No har det gått heile tolv år sidan sist vi kunne leike oss i denne gladvaldelege verda. I løpet av denne tida har Stainless Games som stod bak det originale spelet kjøpt tilbake rettane til spelet, og annonserte i fjor Carmageddon: Reincarnation.

Tydeleg inspirerte av dei mange suksessane Kickstarter-fenomenet har skapt, har dei no sett i gong sin eigen kampanje med eit mål om å få inn 400 000 dollar for å få fart på utviklinga.

I det nye spelet blir vi i tillegg til all brutaliteten frå dei tidlegare spela lova ekte filledukke-fysikk, samt nye superkrefter som verkeleg let deg leike med kroppsdelane til dei ulukksalige fotgjengarane du garantert vil køyre ned. Utover det lovar utviklarane å by på tilbakeståande motstandarar med tilbakeståande hjernar laga av tilbakeståande koding programmert av tilbakeståande programmerarar.

Som seg hør og bør i ein Kickstarter-kampanje kan du velje kor mykje du vil spytte inn i utviklinga. Er du fattig held det med ein dollar for å få namnet ditt på rulleteksten, men om du vil at du eller nokon du kjenner skal bli fotgjengar i spelet kan du bidra med tusen dollar. Om du har mykje å gå på kan du like godt stille opp med ti tusen dollar for å reise til Stainless Games for å lage ein motstandar i spelet basert på deg sjølv.

Om Stainless Games når målet dei har sett for Kickstarter-kampanjen vil Carmageddon: Reincarnation lanserast i februar 2013.

Les også: Carmageddon-oppfølger nærmer seg
Les også: Carmageddon vender tilbake

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen