Kva er Circle of Mana?

Blir den gamle Mana-serien vekt til live på ny?

Når store selskap registrerer nye varemerke betyr det som regel at ein kan ha mykje moro med å spekulere i kva dei vil ende opp som. Via VG247 får vi høyre at Square Enix i Japan har registrert fire nye varemerke. To av dei, Agent 47 og Ultima Box er nok ikkje så veldig spanande sidan dei etter alt sannsyn peikar mot det nye Hitman-spelet og Final Fantasy-samleboksen vi skreiv om tidlegare i veka.

Det mest interessant er definitivt Circle of Mana. Mana-serien fekk stor popularitet på 90-talet med Super Nintendo-spelet Secret of Mana som i nyare tid har fått seg ein iPhone-versjon. Dette var det andre av tre Super Nintendo-spel som gjekk under namnet Seiken Densetsu i Japan. Det første spelet blei omdøypt til Mystiq Quest i Europa, medan Seiken Densetsu 3 aldri slapp ut av heimlandet.

Secrret of Mana til Super Nintendo.
Secrret of Mana til Super Nintendo.

For nokre år tilbake prøvde Square Enix å vekkje serien til live på ny. Først kom Sword of Mana, ein ny versjon av Mystiq Quest til GameBoy Advance. Etter det lanserte Square Enix tre spel under World of Mana-paraplyen. Først fekk vi Nintendo DS-spela Children of Mana og Heroes of Mana. Ingen av dei fekk spesielt entusiastisk respons, og PlayStation 2-spelet Dawn of Mana blei ikkje ein gong utgjeve i Europa.

Kva denne nye registreringa vil ende opp med, er ikkje godt å seie, men det skal nok litt til for å få opp entusiasmen hos Mana-fansen etter dei tre World of Mana-spela.

Det siste av dei fire varemerka Square Enix har registrert er Wizardlings, som i følgje Siliconera er eit prosjekt Square Enix USA held på med. I likskap med Circle of Mana må vi ta tida til hjelp for å finne ut kva dette dreiar seg om.

Les også: Anmeldelse: Magical Starsign
Les også:
Anmeldelse: Final Fantasy: The 4 Heroes of Light

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen