Kva er Mists of Pandaria?

Ting tyder på at du snart får spele panda i World of Warcraft.

Heilt sidan Warcraft III: Reign of Chaos har pandabjørnrasen pandaren hatt ein spesiell plass i Blizzard sitt største og mest populære univers. Kvifor er litt vanskeleg å seie, men det heile starta med små spøkar frå designteamet til Blizzard, der ein panda dukka opp i forskjellige konseptbilete.

Det tok derimot ikkje så alt for lang tid før pandaren dukka opp som ein eigen helt i Warcraft III: The Frozen Throne, og panda-fascinasjonen har berre vakse sidan den gong. Pandarasen har etter kvart fått seg ei solid og velutvikla historie, og ein svært stor tilhengjarskare.

Er ein ny ekspansjon på veg?

No kan det sjå ut til at pandaren vil få ei enda større rolle i Blizzard sitt reportoar, sidan MMO-Champion har funne ut at Blizzard har registrert varemerket Mists of Pandaria for spel og nettenester. I og med at Pandaren høyrer til Warcraft-universet er det naturleg å tenkje at dette kan vere ein ny ekspansjon for World of Warcraft, men alt er sjølvsagt mogleg.

Det har versert rykte om at pandaren ville bli ein ny spelbar rase før kvar nye World of Warcraft-ekspansjon, og dette varemerket kjem nok ikkje til å leggje lokk på slike spekulasjonar. Sjølv om Blizzard ikkje har kunngjort noko, kan vi nok alle reikne med at det skjer både det eine og det andre bak kulissane.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden