Kva er spelet verdt?

Ny indieportal let deg betale det du vil til dei små utviklarane.

Indiespel er i vinden som aldri før. Den tida då det berre var etablerte aktørar som kunne håve inn store summar er over. Tydelege døme på dette er fenomenet Minecraft, dei mange suksessane på folkefinansieringssida Kickstarter, og ikkje minst Humble Indie Bundle.

Men det er ikkje alltid like lett for ein liten utviklar å bli sett i ein stadig større marknad, og det vil den nye indieportalen IndieGameStand gjere noko med, blir vi fortalt i ei pressemelding.

På denne sida blir eit nytt spel bli lansert kvar fjerde dag, og då til ein billeg pris. Du kan derimot velje å betale akkurat så mykje som du vil. Om det er 50, 100 eller 1000 kroner er heilt opp til deg. Konseptet kan minne ein del om musikkportalen BandCamp, sjølv om vi finn enkelte forskjellar.

Chester frå Brilliant Blue-G kan bli ditt.

Når eit nytt spel dukkar opp på IndieGameStand tek eit nytt spel over tilbodsposisjonen, og det førre tilbodsspelet går opp til ein standardpris. Skulle du gå glipp av eit tilbod vil du likevel kunne gjere røvarkjøp ved å setje saman ei pakke på tre spel til ein god pris.

Alle spela på IndieGameStand blir frie for piratvern, og er dine til odel og eige for all tid. Ein ekstra bonus på kjøpet er at 10% av summen du betalar for kvart spel vil gå til eit veldedig formål valt av utviklarane av det aktuelle spelet.

IndieGameStand opnar offisielt dørene 26. september, og om du registrerer deg før lanseringsdagen får du spelet Chester frå Brilliant Blue-G heilt gratis.

Les også: – Det ble en slags betatest Les også: Amnesia har tjent inn ti ganger utviklingskostnadene

Siste fra forsiden