Kva har Capcom på lager?

Den japanske giganten viser fram to nye spel i slutten av månaden.

Capcom er eit selskap som definitivt ikkje ligg på latsida. I fjor kom dei med blant anna Resident Evil 6 og Dragon's Dogma, og i januar kom det Ninja Theory-utvikla DmC: Devil May Cry. Dei har derimot enda meir på lager skal vi tru Examiner.

Dei har fått nyss om at Capcom skal vise fram to heilt nye spel på PAX East i slutten av mars. Kva desse spela er blir det ikkje sagt om, men eitt av spela kan kanskje vere det nye prosjektet til Dead Rising 2-utviklarane Capcom Vancouver. Publikum skal visstnok få spele dei nye spela på messegolvet.

Ved sidan av desse to nye spela skal Capcom vise fram Remember Me, Lost Planet 3, Dragon's Dogma: Dark Arizen, og Resident Evil: Revelations i løpet av messa.

Capcom kunngjorde for ei knapp veke sidan sitt første PlayStation 4 spel, som har fått arbeidstittelen Deep Down. Den imponerande traileren dei viste fram blir påstått å køyre i sanntid, og viser krigarar i kamp mot ein drage. Estetisk sett minner det heile mykje om det glimrande rollespelet Dragon's Dogma. Traileren kan du sjå nedanfor.

Les også: Zombiespel frå Capcom-legende Les også: Ikkje meir Dino Crisis og Onimusha med det fyrste

Siste fra forsiden