Kva jobbar Valve med?

Ny stillingsannonse fyrer opp under Steambox-rykta.

Det har tidlegare vore spekulert heftig i om Valve, giganten bak Half-Life og Steam, i det skjulte jobbar med ein ny konsoll, eller i det minste ein skreddarsydd PC. Dette har Valve avvist, og fortel i staden at dei heile tida eksperimenterer med nye ting, utan at det betyr dei har tenkt å selje noko.

No kan derimot VG247 fortelje at Valve gjennom ei ny stillingsannonse søkjer etter industridesignerar som har nettopp erfaring innan maskinvare.

To svært vellukka Valve-kreasjonar.

– Som ein industridesigner hos Valve vil du bli ein av fleire elektro-, mekanikk- og programvareingeniørar i verdsklassen som heile tida definerer nye underhaldningsopplevingar gjennom maskin- og programvare. Vi håpar å inkludere din ekspertise i produktdesign og produksjon, ergonomi, brukarvenlegheit, estetikk og oveflate til teamet vårt.

Vidare held annonsa fram med å fortelje litt om kva Valve som selskap synest om PC-utviklinga dei siste åra:

– Tradisjonelt sett er Valve eit softwareselskap. Opne plattformer som PC og Mac er viktige for oss sidan dei tillet oss og partnerane våre å ha eit robust og direkte forhold til kundane våre. Vi er likevel frustrerte over mangelen på innovasjon i maskinvare, så vi tek spranget. Til og med enkel interaksjon som tastatur og mus har ikkje endra seg meiningsfullt opp gjennom åra. Det er eit tomrom i marknaden, og moglegeiter for å skape gode brukarerfaringar blir oversett.

Annonsa held fram med å snakke om korleis Valve har bygd opp eit kundeforhold der deira beste produkt er eit resultat av konstant dialog mellom Valve og forbrukaren. Noko som har blitt fundamentalt for korleis Valve som selskap fungerer.

Ein kan tolke stillingsannonsa mange vegar, og ei eiga Valve-maskin er ikkje nødvendigvis svaret. Som dei skriv i annonsa kan det like godt dreie seg om å finne heilt nye måtar å kommunisere med maskina di på.

Kva trur du Valve jobbar med?

Les også: Steam Greenlight er nå lansert Les også: Jobber Valve med Source Engine 2?

Siste fra forsiden