Kvinnene slår frå seg i UFC

EA slår eit hardt slag for likestilling.

Det har aldri mangla kvinner i slåssespelseriar som Street Fighter og Tekken, men slike spel gir stort sett fullstendig blanke i realisme. Når det kjem til kampsimulatorar har det på den andre sida vore vanskeleg å finne spel som inkluderer kvinner i utvalet av kampkjemper.

Dette har EA bestemt seg for å endre på. Dei kjøpte tidlegare i år UFC-lisensen frå no nedlagde THQ, og dei er i full sving med eit UFC-spel. Dette spelet vil bli det første UFC-spelet som introduserer kvinner for arenaen, og dei har med seg nokre av dei beste i klassen.

Kor mange kvinner som vil dukke opp i spelet har ikkje EA sagt noko om, men i ei pressemelding skriv dei at stallen blir fronta av meisteren Ronda Rousey og den øvste utfordraren hennar; Miesha Tate.

Ein av dei mannlege krigarane i UFC.

Bygd på ny teknologi

Det komande UFC-spelet vil kome i sal for Xbox One og PlayStation 4 til våren, og er bygd på EA sin Ignite-teknologi. Denne teknologien påstår EA vil gjere den kunstige intelligensen i stand til å reagere på kva som skjer i mykje større grad enn tidlegare sportsspel, i tillegg til å by på eit svært høgt grafisk nivå.

EA vil ta i bruk teknologien i fleire av sine komande sportsspel. Både UFC, FIFA 14, Madden NFL 25 og NBA Live 14 får nytte av forbetringane, men berre på neste generasjon konsollar.

Les også: Fight Night er nede for telling Les også: Xbox One mistar lanseringstittel

Siste fra forsiden