Lagar andeleg oppfølgjar til Syndicate

Tidligere Bullfrog-ansatt er tilbake på gamle trakter.

I mai erta Mike Diskett frå legendariske Bullfrog med at han jobba med eit Cyberpunk-spel i same gate som klassiske Syndicate. Så mykje informasjon kom han ikkje med, men vi blei lova eit spel som ville kome til å revolusjonere sjangeren, samt at dei ville søkje pengestøtte via folkefinansieringstenesta Kickstarter.

No er kampanjen i gong. Spelet har fått namnet Satellite Reign, og etter alt å døme er det berre namnet som hindrar dette i å vere ein sann oppfølgjar til Syndicate.

Slik ser utviklarane føre seg at Satellite Reign vil sjå ut.
Slik ser utviklarane føre seg at Satellite Reign vil sjå ut.

Stor valfridom

I Satellite Reign vil du på same måte som i Syndicate ta kontroll over ei lita gruppe på fire supersoldatar. Dei vil alle ha sine unike eigenskapar, og vi blir lova at du skal få spele slik du sjølv vil i ein levande og open cyberpunk-by. Om du vil angripe fiendane med rå makt eller infiltrere systema deira på hakket meir finurlege måtar skal vere heilt opp til deg.

Kickstarter-sida kjem med mange døme på korleis du kan gå fram i byen. Gjennom alt frå taktiske kampar, spionasje, bestikking av forskarar og legar kan du fremje dine eigne mål medan du kjempar mot dei digre selskapa som styrer byen. Manipulering av infrastruktur og propaganda blir òg trekt fram som potensiele framgangsmåtar.

Eit viktig element skaparane trekk fram på Kickstarter-sida er korleis alt og alle i byen vil reagere på det du gjer på ulikt vis. For å finne dei smartaste måtane å handtere dei forskjellige situasjonane på vil det bli nyttig å observere korleis byen fungerer, før du går til aksjon.

Om alt går bra med kampanjen vil Satellite Reign bli lansert på Windows, Linux og Mac ved juletider neste år, men utviklarane utelukkar ikkje fleire plattformer om pengane strekk til.

Les også: Cyberpunk-spillet Shadowrun Returns får sommerlansering
Les også: Cyberpunk 2077 byr på flerspillerdel

Kommentarer (26)

Forsiden akkurat nå

Til toppen