Lair er ferdig

Det eldsprutande dragespelet Lair har fått mykje merksemd som ein av dei store titlane til PlayStation 3. I spelet rir du på enorme dragar, og logisk nok vil du jakte på andre dragar. I tillegg til dette kan du lande på bakken for å jage fotsoldatar med ditt mektige, levande våpen. I Lair brukar du SIXAXIS-kontrollaren for å styre dragen din, både i lufta og på bakken.

Trailer: Lair #2

Vis større

Trailer: Lair #2


No er utviklarane ferdige med jobben sin, og har bekrefta i den offisielle PlayStation-bloggen at spelet allereie er i trykken. Dette gjeld riktignok kun for statane, der spelet kjem i butikkane 14. august.

For resten av verda gjenstår lokaliseringsarbeid før spelet vil kome i sal. Om vi skal tyde bloggen riktig ser det ut til at denne jobben snart er ferdig, slik at vi snart kan få slå klørne i spelet her i Noreg òg.

Lair vil i tillegg innehalde globale statistikkar som viser dei beste spelarane i verda, noko som burde vekke konkurranseinstinktet i folk.

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen