Lara Croft i nettlesaren

Sidespranget til skattejegaren kan no spelast heilt gratis.

I sommar kunne vi fortelje at Square Enix lanserte si eige teneste for speling i skya; Core Online. Gjennom nettlesaren kunne du då få spele det snodige actionspelet Mini Ninjas og Hitman: Blood Money, og planen var å utbrodere dette til å gjelde fleire og fleire spel frå Square Enix sitt bibliotek.

Opptrappinga har ikkje akkurat skjedd fort, men no er omsider Lara Croft and the Guardian of Light tilgjengeleg på Core Online. Som med alle spel på Core Online treng du verken registrere deg eller betale noko for å spele, men om du vil ha alt gratis må du sjå deg nøydd til å akseptere annonser mellom øktene.

Annonsene kan derimot fjernast ved å opne lommeboka. For ti dollar kan du låse opp heile spelet, men du kan òg velje å heller betale ein dollar for kvart individuelle kapittel.

Skjermbilete frå Lara Croft: Guardian of Light.
Skjermbilete frå Lara Croft: Guardian of Light.

I tillegg til at Lara Croft and the Guardian of Light no er tilgjengeleg får vi vite kva som blir dei neste spela for tenesta. Sjølv om vi ikkje har fått nokon datoar å forholde oss til, er både Tomb Raider: Underworld og puzzle-rollespelet Gyromancer på veg.

Freistar ingen av desse tinga kan du via Core Online skrive deg opp for å bli med i betaen til den komande strategi- og skytespelhybriden Heroes & Generals frå dei danske IO Interactive-avhopparane i Reto-Moto. I dette spelet vil ein via den strategiske biten flytte rundt på ressursar og soldatar. Når to hærer møtast blir det heile derimot utspelt i førsteperson. Kanskje ikkje heilt det same som gode, gamle Savage, men spanande likevel.

Les også: Sniktitt: Tomb Raider
Les også: Final Fantasy i nettlesaren?

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen