League of Legends blir slåssespel

Riot Games gir si velsigning til todimensjonalt fanprosjekt.

League of Legends er blant dei største og mest populære spela i verda. I fjor fortalde vi om at spelarane hadde klokka inn omlag 1,3 milliardar timar med speletid, og året før slapp bomba om at League of Legends hadde over 32 millionar registrerte spelarar. Kva tala er oppe i no kan vi berre spekulere i.

Med så mange aktive spelarar for arenaspelet overraskar det nok ingen at det finnest ein del kreative sjeler blant entusiastane. Nokre av dei har no bestemt seg for å lage sitt eige spel basert på League of Legends, og dei har til og med fått velsigning frå Riot Games. Dette fortel Kotaku i dag.

Todimensjonalt slåssespel

League of Fighters blir noko ganske anna enn spelet det er basert på. Der League of Legends gjev deg styringa over ein helt som kan oppgraderast og forbetrast etter kvart som du kjempar mot andre heltar i store fleirspelarkampar, er League of Fighters eit todimensjonalt slåssespel. I staden for å kjempe saman med andre mot ei gruppe spelarar, vel du deg ein krigar og hiv deg i kamp mot ein annan.

Utviklarane hos Instaburst kontakta like godt Riot Games for å høyre om League og Legends-skaparane ville ha noko i mot dette spelet. Eit smart trekk sidan svært mange fanprosjekt basert på kjende titlar møter ein tidleg død så snart advokatane kjenner lukta av eit potensielt søksmål.

Riot Games gav si velsigning til spelet så lenge det ville bli gratis, og med det blei League of Fighters ein realitet. I skrivande stund har ikkje spelet fått nokon låst lanseringsdato, men du kan sjå ein trailer nedanfor.

Les også: Ultra Street Fighter IV er kunngjort
Les også: Sniktitt: Infinite Crisis

Siste fra forsiden