League of Legends tar av

Det DOTA-inspirerte spelet kjempar i toppsjiktet.

Det er ikkje berre massive kassasuksessar med eit like massivt promoteringsbudsjett som kan nå ut til millionar på millionar av spelarar verda over. Av og til er det nok å berre tru på det du gjer og lage eit godt produkt. Det har definitivt Riot Games demonstrert med League of Legends. Om du ikkje skulle vere kjend med dette spelet, er det eit spel sterkt inspirert av modifikasjonen Defense of the Ancients som kom ut til Warcraft 3 for mange år sidan.

I essensen vel du deg ein helt, byggjer han opp med forskjellige eigenskapar, våpen og gjenstandar, og før du saman med nokre allierte går til kamp mot andre heltar. Det overhengande målet er å ta ned fiendens forsvar før du knuser basen deira.

Apekongen har grunn til å vere stolt.

Og denne enkle formelen har blitt ekstremt populær. Så populær faktisk, at Riot Games no har gått ut med ei pressemelding der dei kan fortelje at det no finnest 15 millionar registrerte brukarar. Det er ingenting anna enn ein maktdemonstrasjon. Til samanlikning hadde verdas mest berømte massive onlinespel – World of Warcraft – «berre» 11.4 millionar spelarar i mars.

Kvar dag tek meir enn 1.4 millionar spelarar eit slag League of Legends, og på det meste har over 500.000 spelarar vore pålogga samtidig. Det er ganske imponerande for ein utviklar som står på eigne bein utan ein stor utgjevar hengande over seg.

Riot Games har sidan lanseringa av League of Legends i 2009 vakse seg så store at dei har femdobla staben, slik at dei no har meir enn 300 tilsette. Det kan dei nok trenge, for å halde spelet stabilt når 500.000 spelarar samtidig er ikkje småtteri.

Siste fra forsiden