Anmeldelse

Legend of Kay

På utsida ser Legend of Kay kanskje ut som eit typisk, og uinteressant barnespel. Eit godt eksempel på at ein ikkje alltid skal stole på førsteinntrykk.

Side 1
Side 2

Enkelt, men underhaldande Legend of Kay er kanskje ikkje blant dei spela der ute som tilby deg stor friheit, du blir heller geleida dit du skal. I akkurat dette spelet er det heilt greit. Historia er kanskje ikkje av dei mest originale der ute, men for eit spel tydeleg retta mot yngre følest det ikkje nødvendig. Progresjonen er naturleg, og du føler alltid at det du gjer får deg vidare. Du vil få små oppdrag frå folk, som til dømes å finne fruktene ei dame har mista, men det er aldri ting som sender deg på villspor. Kvar du enn er, vil du uansett lett kunne finne ut kvar du skal ved hjelp av eit lite kart som viser kvar oppdraget ditt er, og eventuelt kvar andre småting befinn seg.

Noko ein raskt merkar når ein snakkar med folk, er at dialogen i spelet er bemerkelsesverdig forseggjort. Til tider blir det nesten i meste laget. Spesielt dei små kaninene snakkar på ein måte som til slutt tvang meg til å setje på undertekstane. Ikkje at dette er direkte negativt. Utviklarane har vore flinke til å gi dei forskjellige rasane og karakterane særpreg i korleis dei snakkar, og det minnar ofte om dubbinga i ein teiknefilm, og kvaliteten på skodespelet går faktisk mange teiknefilmar ein høg gong. Som med kaninene som har så mykje sjel at det trass i den overdreve sukkersøte settinga gjer det umogleg å ikkje sitje å smile medan ein ser på dei.

Søtt og triveleg Historia blir fortalt på ein veldig fin måte. Det er ei blanding av stillbilde og animasjon, der du får sjå sider som henta rett ut frå ein teikneserie. Dei forskjellige rutene i teikneserien blir forstørra, og lettare animert ettersom historia går framover. Det er gjort på ein veldig underhaldande måte, som gjer det meir interessant å følgje med, enn kva mange spel med ti gongar så stort budsjett klarar å prestere. For mindre viktige handlingsforløp, blir spelets motor tatt i bruk, men generelt sett er det alltid like koseleg. Samtidig er det veldig fin musikk som set ein ekstra prikk over i-en. Det er tydeleg at dette føregår i eit område sterkt inspirert av Japan, og musikken får dette fram på ypparleg vis. Det er storslagent og til tider pompøst, men aldri slik at det blir for mykje av det gode.

Den svakaste sida til Legend of Kay er eigentleg i form av det visuelle. Det ser heilt greit ut, men ikkje noko som vil få noko til å heve augebryna. Det einaste ein kanskje vil registere, er at det godt kunne ha sett betre ut. Karakterane er fint modellerte, og animasjonane passar godt til stilen, men det blir litt blast. Teksturane er flate og livlause, og det hadde ikkje gjort noko med større variasjon i korleis forskjellige skapningar ser ut. Det er veldige mange kloner ute og går, og i det minste større utval i fargane på kleda til folk, hadde ikkje gjort noko. På sett og vis gjer spelet litt opp for dette med ein sterk fargepalett, men ikkje nok til at det rekk spel som Sly Raccon lengre enn til knea.

Konklusjon Eg forventar ikkje akkurat at Halo-generasjonen skal springe og kjøpe dette spelet, men det er absolutt eit av dei beste barnespela eg har sett på veldig lang tid. Om Legend of Kay hadde hatt ein grafisk stil retta mot ei litt eldre aldersgruppe er det vanskeleg å utelukke at dette kunne ha blitt ein slager. Likevel, det er kanskje like greit at dei yngre får eit av dei betre spela for ein gongs skuld. Eg skulle gjerne sett dette spelet oversatt til norsk, sidan målgruppa hadde blitt drastisk utvida, men det er kanskje for mykje å forlange. Er du ute på jakt etter eit søtt kosespel, eller har ungar i alderen der dei lærer seg engelsk, kan Legend of Kay trygt anbefalast. Det osar av rein og skjær speleglede frå start til slutt.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden