Legendariske Master of Orion vender tilbake

Wargaming.net pustar nytt liv i gammal serie.

Wargaming.net

I 2013 sikra Wargaming.net seg rettane til fleire Atari-titlar. Blant dei fan vi den klassiske strategiserien Master of Orion. I Master of Orion reiser vi ut i rommet for å sikre oss ressursar og rikdom både gjennom diplomati og krigføring. Serien har fått æra av å gje namnet til 4X-sjangeren som blant anna inkulderer Civilization-serien.

To år etter oppkjøpet har Wargaming.net kunngjort at eit nytt Master of Orion-spel er på veg. Spelet får enkelt og greit namnet Master of Orion, og blir utvikla for Windows av Argentinske NGD. Når det blir lansert har ikkje Wargaming.net sagt noko om.

Galaksen er din.

NGD er på ingen måte eit kjent studio, men i ei pressemelding blir vi lova at fleira av dei originale utviklarane som i si tid stod bak serien no er med på lasset. Komponisten er òg tilbake for å lage nye musikk, denne gong med eit skikkeleg orkester i ryggen.

Krig og fred i rommet

Vi blir i Master of Orion lova ti ulike spelbare rasar som alle byr på sine eigne styrker og svake sider. I over 20 solsystem an du føre krig og kolonisere planetar, eller ture fram på ein meir fredfull måte for å nå måla dine.

Diplomati blir viktig i Master of Orion.

For nokre år sidan tok vi eit tilbakeblikk på Master of Orion 2, eit spel vi slo fast framleis er eit av tidenes beste strategispel:

«Master of Orion 2 er ein bauta i strategisjangeren. For det første er det eit underhaldande spel som takka vere eit velfungerande brukargrensesnitt og en fin balanse mellom kompleksitet og tilgjengelegheit framleis kan nytast av dei aller fleste, men det er i seg sjølv ikkje hovudgrunnen til spelets velfortente klassikarstempel. Hovudgrunnen er i staden at spelet var forut for si tid – og på trass av at det er femten år gammalt, er det det framleis.»

Om nye Master of Orion kan leve opp til seriens glansdagar gjenstår å sjå.

Siste fra forsiden