Sniktitt

Legendary

Legendary er eit katastrofespel. Vi har sett omlag ein million filmar som baserer seg på kva som vil skje om ei eller anna vanvittige katastrofe trer i kraft, men det er ikkje mange spel som gjer det same. Det er ikkje ofte vi sjølve blir kasta inn i rolla som ein person midt inne i eit inferno av enten forvaksne firfisler eller glødande objekt frå himmelen. Difor er det eigentleg på tide at vi får stå midt inne i alt sjølv, og det er akkurat det du gjer i løpet av dei første minutta av Legendary.

Spillet blir til

Vis større

Utviklerdagbok: Legendary #4


Du er ein tjuv, ein simpel tjuv, og du har blitt hyra inn for å stele Pandoras boks. Denne mytiske boken som skal innehalde både pest og kolera. Vel, no er den funnen, den står til utstilling i eit museum i New York, og du skal stele den. Enkelt, ikkje sant?

Sjølvsagt går ikkje ting etter planen, og i staden for å stikke av med boksen, endar du opp med å sleppe laus ein glødande stråle som går rett til skyene. Det som følgjer er kanskje den mest intense og imponerande opningssekvensen eg nokon gong har vore vitne til i eit spel. Først spring du ut av museet, medan golvet praktisk talt forsvinn under deg, og når du er ute, ser du eit inferno utan like.

Medan du spring framover og prøvar å kome deg til ein trygg plass, flyr griffar over deg, grip tak i bilar, og kastar dei hardt inn i dei omringande bygningane. Eksplosjonar herjar, og det er lett å bli temmeleg desorientert der du ser den eine eksplosjonen etter den andre. Det heile er stramt regissert, og gir deg så godt som null fridom til å gå fram som du vil, men det betyr ingenting. Ein slik sekvens hadde ikkje vore mogleg om utviklarane ikkje visste kvar du vil vere til ei kvar tid, og dei brukar dette til stor effekt.

Ned på landjorda

Etter at adrenalinet har roa seg, og du byrjar å ta taket i kva spelet har å by på, dempar ting seg litt. Det er eigentleg litt pussig at utviklarane av Legendary har valt å følgje opp denne fantastiske opninga med treg og lettare uinteressant vandring gjennom tronge korridorar. Det blir antiklimatisk, og fungerer ikkje godt som eit førsteinntrykk på kva spelet eigentleg byr på.

Dei einaste fiendane du møter, er nokre glødande padder som skyt eldkuler på deg, og dei kjem mot deg heile tida, og våpna dine gjer lite skade. Allereie no byrjar frustrasjonen å breie seg, spesielt over det litt tungvinte helsesystemet spelet tvingar på deg. I staden for å følgje dei siste trendane med helse som regenerer seg sjølv, må du alltid halde eit auge med den. I staden for helsepakkar, får du animus, ein energi du kan lagre ein del av, for så å bruke til å kome deg til hektene igjen.

Dette fungerer greitt i dei fleste situasjonar, for alle monstra i spelet legg frå seg ein del av denne energien når dei døyr, men det er likevel litt tungvindt. I ein hektisk kamp er det vanskeleg å få god oversikt over kor god helse du har. Samtidig er det vanskeleg å halde inne ein knapp for å regenerere seg sjølv, medan eit beist prøvar å rive hovudet av deg.

Det blir verre når du av grunnar vi ikkje skal gå inn på, møter menneskelege soldatar. Problemet er størst før du får gode nok våpen til å handtere dei, og sidan dei ikkje legg frå seg animus-energi. Du blir nøydt til å gå fram på ein heilt anna måte, sidan du ikkje har begrep om når du får sjansen til å ordne på helsa igjen.

Mannevonde beist

Dette er likevel alt som i første omgang ser ut til å verkeleg vere negativt med spelet. Legendary er noko heilt for seg sjølv, på mange måtar. For det første er du ikkje ein stereotypisk muskelbunt med tunge våpen (du er ein mann i dress, med tunge våpen), og for det andre er fiendane du møter av ein heilt anna karakter enn kva dei fleste andre spel har.

Eit godt døme på dette er varulvane. Desse beista er fullstendig uforutsigbare, og utnyttar dei store områda for alt dei er gode for. Eit døme på dette er eit punkt i spelet der du står midt i ei gate, og varulvane kjem på deg frå alle kantar. Dei hoppar mellom hustak, klatrar på veggane, og oppfører seg verkeleg som ein flokk med bestialske hundar. Akkurat det ein forventar at ein varulv skal gjere. Du veit aldri kvar du har dei, og i staden for ein fiende som gøymer seg bak ei kasse heile tida, får du eit vilt udyr som går til totalt frontalangrep på deg.

Storleiken på områda er faktisk veldig imponerande, og den stramme regien går igjen heile tida. Når du kjem til eit nytt område kjem kanskje eit helikopter krasjande ned, før varulvar eller griffar brått stuper inn til angrep. Det er enormt engasjerande, og blir teke nokre steg lengre av den fantastiske musikken. Utviklarane hos Spark har gjort det smarte trekket å gå vekk frå tradisjonell symofonisk musikk, og har heller brukt groovy rockemusikk, med bass og trommer som sit som støpt.

Dei brukar det til full effekt, og musikken varierar i kraft alt etter kva som skjer. Eit døme på dette er korleis du er på veg opp i ein heis. Brått høyrer du litt forsiktig gitar som aukar i styrke og intensitet heilt til heisen stoppar. Når døra endeleg opnar seg, slår musikken mot deg som ein vegg, medan du blir mødt av ei kaotisk krigssone. Dette er måten det skal gjerast på, og eg vil gjerne sjå meir av det.

Konklusjon

Legendary kan nok raskt bli eit av dei gode spela veldig få spelar. Det har eit litt uvanleg utgangspunkt der det blandar mytologi med kuler og krut, men det fungerer. Det er sjølvsagt for tidleg å seie om dette blir like fantastisk som det legg opp til, men eg er mektig imponert, og fekk mykje meir enn eg på nokon måte kunne ha forventa.

Spelet kastar deg ut i enorme og flotte område der monstra hoppar på deg frå alle kantar. Det er intenst og engasjerande, og sjølv om spelet ligg ganske låst i ei lineær historie, gjer det ingenting. Legendary gjer absolutt ingenting nytt for skytespelsjangeren, men det gjer det med ei glede for mediet, og eit auge for underhaldning vi ser svært sjeldan.

Legendary utgis 24. oktober, for Xbox 360, Playstation 3 og PC.

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen