LEGO City Undercover får 3DS-kompanjong

I april kan du få med deg kva som skjedde før det komande Wii U-spelet.

Ein av dei største eksklusive titlane Wii U-eigarar har å sjå fram til i næraste framtid er LEGO City Undercover. I denne parodien på krim- og actionfilmar følgjer vi Chase McCain på jakt etter skurken Rex Fury som har rømt frå fengsel.

I dag fortel Nintendo i ei pressemelding at vi får fleire eventyr med Chase McCain ganske snart. I LEGO City Undercover: The Chase Begins – som dukkar opp på 3DS i april – får vi servert ei historie om alt det som skjedde før handlinga i Wii U-spelet. Her skal du blant anna jakte på Rex Fury for å sende han i nettopp det fengslet han rømmer frå i Wii U-spelet.

LEGO-krim på 3DS.
LEGO-krim på 3DS.

The Chase Begins blir lansert for 3DS i april, noko som tvingar deg til å måtte vente litt om du spele dei to spela i kronologisk rekkefølgje, sidan Wii U-spelet lanserast 27. mars.

I The Chase Begins kan Chase McCain bruke ulike forkledningar som gjev han spesielle eigenskapar. Desse kan han deretter bruke for å hamle opp med kriminaliteten i LEGO City. Trykkskjermen på 3DS-en kan brukast til å skanne område for å finne hint og spor som leiar deg vidare mot måla dine.

LEGO City Undercover: The Chase Begins kjem i sal for 3DS 26. april.

Les også: Anmeldelse: LEGO Lord of the Rings
Les også: LEGO møter Marvel

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen