Anmeldelse

Leisure Suit Larry: Magna Cum Laude

I år er det kun eit spel som inneheld alle desse ingrediensane: Sperm, myntkasting, strap-on, og bamsar. Ønsk velkommen den nye kongen av vulgæritet: Larry Loveage.

Side 1
Side 2

Enda fleire prøvelsar for tolmodigheita? Spel nummer to tvingar deg til å trykke på rett knapp når den dukkar opp på skjermen. Presisjonen er veldig viktig akkurat her om du har eit lite håp om å mikse ein respektabel drink, eller vise damene kven som kan å bruke pisk. Spel nummer tre er noko liknande nummer to, men her kjem alt glidande på ei linje. Det fjerde, og siste spelet av særleg nemneverdigheit, er myntspelet. Treff glaset og du slepp å drikke. Ein fin måte å få damene fulle på, men det er usedvanleg enkelt. Du kan skyte mynten fleire meter opp i lufta, men vil likevel etter eit par runder med balansering langs kanten, dette pent ned i glaset. Om dette ikkje skulle kjede deg nok kan du alltids ta del i minispel du ikkje er nødt til å gjere. Å mate apekattar er vel noko alle har ein draum om.

Det er klart desse spela blir vanskelegare etter kvart, tempoet aukar, og presisjon blir enda viktigare med tida. Akkurat derfor er det frykteleg synd at responsen du får når du trykker på tastane av og til er ikkje-eksisterande. Til tider blir det faktisk ikkje registrert når du trykker, eller det blir registrert for seint. Dette er forferdeleg irriterande sidan desse spela kun er noko du må gjennom for å høyre neste vits eller gag. Dette er essensen i Larry. Alt du faktisk må gjere, følest som eit hinder for å kome fram til moroa. Her skal du jobbe for å ha det gøy. Å ha det gøy heile vegen er fullstendig uaktuelt.

Sexy? Langt ifrå Damene er ikkje spesielt pene heller. I motsetning til tidlegare klassikarar der damene var så sexy som ein teikna figur kunne bli, er det oppblåste Barbie-dukker med inflasjonsproblem Larry Loveage skal prøve seg på. Ikkje at han ser noko betre ut. Hovudet hans er større enn nokon sinne. Han er ikkje lengre ein liten mann med overdimensjonert hovud. No er han ein passe liten mann med eit hovud større enn mange av damene han prøvar seg på. Når Larry er like høg som mange av damene han prøver seg på, blir det vanskeleg å ikkje fnyse stygt av det. Områda du bevegar deg i er forsåvidt reine og fine, men følest litt uinspirerte. Det er gjerne kun ein farge som dekker ei flate, og i staden for å gi inntrykket av å vere i ein teikneserie, følest alt berre flatt og kjedeleg.

Dette bringer oss forsåvidt over på eit anna problem. Om du reknar med å fullføre spelet på ca tjue timar, må du rekne med at minst fem av dei går med til å sjå på ein lasteskjerm. Det er litt vanskeleg å sjå korleis dette er mogleg, i og med at grafikken ikkje er spesielt avansert. Som eit sleipt triks for å få oss til å gløyme at dette skjer, får vi sjå mykpornobilder av jentene i spelet medan dette pågår. I tillegg har dei putta inn nokre bilder av modellar som kler seg ut som karakterane i spelet. Akkurat desse bilda gir spelet eit sterkt inntrykk av å vere ein lavbudsjetts-tittel. Det må i det minste vere lov å forventa at bilda ikkje inneheld tydelege pixlar.

Heldigvis er det ein kompitabel skodespelar som står for stemma til Larry. Han gjer ein veldig god jobb, og dette reddar spelet på mange punkt, spesielt sidan det er veldig mykje snakking i spelet. Det er også gjort ein veldig god jobb i å få dialogen til å flyte. Kva sædcella treff når du snakkar med nokon, kan påvirke ei samtale, og det er for det meste umogleg å gjette seg fram til kvar forskjellige strofer kjem inn. Dessverre er ikkje alle damene like forseggjorde. Fleire av dei delar same stemme, noko som blir litt slitsomt, ettersom du endar opp med å forbinde ei stemme med mange damer. Samtidig er dialogen så full av skjelsord at ein nesten blir paff. "Kor mange fy-fy-ord kan vi putte inn i eit spel?" har nok High Voltage tenkt, og det er mange. Faktisk så mange at det etter kvart berre blir for dumt.

Konklusjon Leisure Suit Larry: Magna Cum Laude er vel kanskje eit av årets desidert mest unødvendige spel. Det er manglar absolutt alt som har gjort Larry Laffer til ei legende. Kontrollane er dårlege, grafikken er livlaus, og spelet manglar framdrift. Du går fram og tilbake, snakkar med damer, får dei fulle, og prøvar å ha sex med dei. Ein av dei store klassikarane er redusert til ein prøvelse i koordinasjon. Det er morosamt til tider, og du vil nok le, men er det verdt det? Er det verkeleg verdt å gå gjennom alt dette mølet for å le litt? Vil du ikkje mykje heller setje deg ned med eit verkeleg gjennomført eventyr-spel? Dette er ei frykteleg dårleg unnskyldning for underhaldning, og er det damer du vil ha, er det berre å opne auga og sjå rundt deg.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden