Anmeldelse

Leisure Suit Larry: Magna Cum Laude

I år er det kun eit spel som inneheld alle desse ingrediensane: Sperm, myntkasting, strap-on, og bamsar. Ønsk velkommen den nye kongen av vulgæritet: Larry Loveage.

Side 1
Side 2

Greit, eg skal vere ærleg med ein gong. Ja, det er morosamt. Nei, det er ikkje bra. Det er ganske enkelt forferdeleg. Korleis kan ein voldta eit ikon på denne måten? Larry Laffer er ikkje meir enn stemma i enden av telefonen. Han er mentoren som liksom skal lære ungdommen å få seg eit ligg. Javel? Når blei Larry Laffer eksperten? Om eg ikkje hugsar feil var han alltid ei vandrande bombe som kunne få game over ved å spasere hand i hand med ei homse inn i solnedgangen. Det vi får her derimot, er ein vulgær drittunge i puberteten, med like mykje sjarm som ei halvtom flaske vodka. Cum on.

For det meste er det to ting som vil okkupere tida di med Hr. Loveage. Punkt ein: Prøve å halde kontroll på det gudfryktige kameraet. Punkt to: Å styre ei sædcelle mellom promp, pupp og anna drit. Dette er nitti prosent av spelet. Etter å ha gått igjennom dei same greiene gudane veit kor mange gongar, blir ein lei. Som ei lite avbrekk no og då får du lov til å kaste ein mynt i eit glas, sånn berre for å få dama di full. Larry Lovage går fortsatt på skulen, og det er tydeleg at High Voltage har sterke minne frå denne tida. Tilsynelatande er det kun ein ting folk bedriv tida si med; alkohol. Får du dama di full, blir det noko på deg. I og med at du alltid får dama di full, er det kun "festelege" hendingar som hindrar spermiane til Larry frå å flyge i alle retningar.

Humor blir aldri det same Joda, Larry er morosamt til tider. Det er eit par linjer med dialog som sikkert vil få American Pie-generasjonen til å hyle av latter. Dette er pubertetshumor på sitt aller verste. Du veit, den typen som får deg til å vri deg i smerte medan du tenker: "Er dette mogleg? Er dette i det heile tatt lov? Kven fann på dette her? Hallo?!" Det er tydeleg at High Voltage har gått ut av seg sjølv for å gjere dette spelet så banalt og vulgært som det i det heile tatt er mogleg å få det, og dette er eigentleg det einaste som er bra med dette spelet. Du spring rundt litt til berre for å sjå kva som skjer når du endeleg skal "ha deg" med neste dame.

Leisure Suit Larry: Magna Cum Laude er eit spel som er fullstendig øydelagt av forferdeleg mange minispel. Kva du enn vil oppnå i denne verda, får du det kun til ved hjelp av å manøvrere ei sædcelle mellom ein del hinder, eller trykke på dei riktige knappane til ei kvar tid. Det følest som Singstar utan mikrofon, Donkey Konga utan trommer, eller Dancing Stage Fever totalt utan dansematte. I seg sjølv held du ut med dette ei lita stund, men så snart du innser at dette er alt du nokon gong vil bedrive tida di med, er det lett å få angst. Ein massiv anti-ereksjon, og viagra kan ikkje hjelpe deg her.

Larry er død, leve Larry Kva skjedde med Larry? Før var det absurditetar som fekk hjernen til å vri seg av frustrasjon. Du måtte tenke for å få til noko, og belønninga var eit diskrè stykke naken hud. Det var alltid gjort på ein smart måte, som aldri gav deg for mykje, heller ikkje for lite. Dette er eigentleg det største problemet med Larry anno 2004. Det er ingen intelligens her. High Voltage vil så gjerne vise deg alle damene på ein gong, og desto meir vulgært dei kan få gjort det, di betre. Kvifor? Du merkar så frykteleg godt at dei er ein gjeng med folk som ikkje forstår kva Larry eingentleg står for. I staden for smart humor, prakkar dei på deg minispel etter minispel som krev ingenting av deg.

Det er fire spel som kjem til å torturere livet ditt meir enn andre. Det første er den obligatoriske sædcella. Om du ikkje treff dei blide, grøne smilefjesa, vil samtala du er i ta ei vending til det verre. Til dømes vil du ved å krasje innom ein penis kome med vulgaritetar som få damer er interessert i. Krasjar du i eit ølkrus blir du etter kvart meir og meir berusa, og sædcella blir etter kvart umogleg å kontrollere. Dette er til tider ganske morosamt, men du blir så fokusert på å styre sædcella at det blir vanskeleg å få med seg alt som blir sagt. Prøvar du å høyre alt som blir sagt, kan du vere sikker på at samtala ikkje får eit positivt utfall. Ikkje at det er noko problem, du kan berre prøve på nytt til du får det til.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden