Lekkert 2D-rollespel til hausten

Dragon's Crown byr på rollespelaction for fire.

I actionrollespelet Dragon's Crown får du bryne deg på sideskrollande action aleine eller saman med tre andre spelarar. Spelet er det første spelet i HD frå Odin Sphere-utviklarane i VanillaWare. Som med dei tidlegare titlane frå VaniallaWare byr Dragon's Crown på nydeleg 2D grafikk og animasjon som overgår det meste anna på 2D-fronten.

Det handteikna rollespelet kjem til både PlayStation 3 og PS Vita, og i ei pressemelding NIS America har sendt ut i dag, får vi vite at spelet landar på våre breiddegrader til hausten.

Spelet byr på seks ulike heltar som alle har sine svært ulike eigenskapar. Etter kvart som du drep monster og utforskar verda vil du samle inn mengder med nytt utstyr, samt erfaringspoeng du kan bruke for å forbetre karakterane dine.

Om du ikkje vil spele aleine kan fire stykk rotte seg saman enten lokalt på PlayStatoin 3, eller online der spelarar på PlayStation 3 og PS Vita kan spele saman.

Les også: Dragon's Dogma får gratis Vita-spel

Siste fra forsiden