Lekkert musespel nådde målet

Einmannsprosjektet Ghost of a Tale blir ein realitet.

I byrjinga av april skreiv vi om det snodige spelprosjektet Ghost of a Tale frå animatøren Lionel Gallat. I spelet tek du på deg rolla som ei lita mus som møter store farar i ei stemningsfull verd full av skumle fiendar som til dømes froskar skjelettrotter.

Spelet er planlagt å bli eit lite eventyrspel der den vesle musa utforskar ulike område som Gallatt sjølv vil skal sjå meir ut som kva du ser i ein film, enn typiske bakgrunnar frå eit spel. Blant inspirasjonskjeldene har Gallat lista opp spel som Zelda, ICO og Ghotic, utan at dette nødvendigvis betyr at Ghost of a Tale vil vere veldig likt desse spela.

På kampanjesida si har Gallatt lista opp mange velkjende element frå eventyrspel opp gjennom åra, men det som har vekt mest oppsikt er den særeigne visuelle stilen.

IndieGoGo-kampanjen til Gallatt gjekk over ei tid ganske tregt, og lenge såg det mørkt ut for den vesle musa. Heilt på tampen av kampanjeperioden klarte likevel Gallatt å samle inn nok pengar til at det heile kan kallast ein suksess. Etter å ha bedt om 45 000 euro, enda han opp med 48 700.

Nøyaktig når Ghost of a Tale blir tilgjengeleg kjem an på når Gallat ser seg ferdig med det, men tidlegast kan vi sjå fram til å ta på oss rolla som ei mus i løpet av første halvdel av neste år.

Les også: Vil folkefinansiere Eternal Darkness-oppfølger Les også: Norske Among the Sleep kom i mål på Kickstarter

Siste fra forsiden