Lengtar du etter Halo-film?

No kan du sjå første episode av Microsoft sin Halo-serie.

For ein del år tilbake var det store planar om å lage ein påkosta film i Halo-universet. Peter Jackson som har stått bak Ringenes Herre-filmane og King Kong skulle produsere, og Neill Blomkamp som regisserte District 9 skulle stå for regien. Dette prosjektet kollapsa fullstendig, men det betyr ikkje at Microsoft gav opp å putte skodespelarar inn i Halo-universet.

Både Halo 3: ODST og Halo: Reach gav oss reklamefilmar som gav oss eit innblikk i korleis ein Halo-film kunne blitt. No har derimot Microsoft teke det heile eit solid steg vidare. Med Halo 4: Forward Unto Dawn vil vi gjennom fem episodar fram mot Halo 4 si lansering 6. november få eit meir personleg innblikk i denne verda.

Ingenting å seie på storleiken i alle fall.

Første episode er no ute, og i den møter vi fleire unge kvinner og menn som trenar for å bli soldatar i kampen mot ei motstandsrørsle som ikkje er vidare nøgde med korleis planetane blir styrde. Hovudpersonen så langt er Lasky som slit litt med sin motivasjon for å skulle bli ein deltakande soldat i krigen. Som ein konsekvens gjer han ting som påkallar vreide frå både andre kadettar og overordna personell.

I ei pressemelding blir vi derimot lova at liva til dei unge kadettane vil bli snudd på hovudet når Covenant utover i serien dukkar opp og inviterer seg sjølv til festen. Seinare vil naturlegvis Master Chief dukke opp for å sparke metervis med Covenantrumpe, og vise alle korleis jobben skal gjerast. Sannsynlegvis vil han spytte ut ein og annan replikk så tørr at den einaste som kan få det til å høyrest fett ut er nettopp Master Chief.

Halo 4: Forward Unto Dawn er regissert av Stewart Hendler, og inkluderer skodespelarar som Tom Green, Anna Popplewell og Mike Dopud.

Du kan sjå første episode nedanfor, på Xbox 360, Halo Waypoint, eller Machinima Prime. Alle episodane vil til slutt bli samla til ein heil film du kan kjøpe på Blu-Ray, DVD, digitalt, og som ein del av spesialutgåva av Halo 4.

Les også: – Halo 4 blir mørkere og mer intenst Les også: Halo 4 er ferdig

Halo 4: Forward Unto Dawn

Siste fra forsiden