Lettbeint skytefest i helvete

TimeShift-studioet med sosialt skytespel.

Blir dei fleste skytespel hakket for seriøse for deg? Er du lei av realisme og nedstemt alvor? Eller er du kanskje berre litt sliten av at forteljarstemma i Halo-fleirspelaren høyrest så sint og aggressiv ut?

I så fall kan kanskje God Mode frå Saber Interactive sitt understudio Old School Games vere noko for deg. I dette skytespelet i tredjeperson tek spelarane på seg rollene som etterkomarar frå ein gammal gud. Denne guden blei for lenge sidan gjort døydeleg av sjølvast Hades. Å ha slike genar i systemet kan vere ein dødsdom i seg sjølv, og for å fri seg sjølv får evig pinsle må spelarane skyte seg gjennom Maze of Hades for å redde skinnet, får vi vite via IGN.

Spelet er skrudd saman for at opp mot fire spelarar skal rocke skjermen samtidig, enten lokalt eller via nettet. Saman vil dei møte mange utfordringar i form av mytologiske beist som skjelett, vandrande lik, og svære beist som kanskje kunne hatt godt av litt plastisk kirurgi.

God Mode vil etter sigande ha eit stort fokus på at alle spelarane skal kunne skru saman figurane sine slik dei sjølv vil. Samtidig skal du kunne oppgradere alle våpna, og i tur gjere stor skade på terrenget med dei. Det heile vil bli skildra av ei forteljarstemme som desperat prøvar å fortelje solide vitsar basert på alt du gjer.

Som du kanskje skjønar tek ikkje God Mode seg sjølv veldig seriøst, og det viktigaste i spelet er høgt tempo, mykje action, og kanskje ein god latter i ny og ne. Saber Interactive har på si side god erfaring med skytespel – sjølv om kvaliteten kanskje har vore varierande – frå blant anna spel som TimeShift, Inversion og Halo: Combat Evolved Anniversary.

God Mode blir tilgjengeleg for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 tidleg 2013.

Les også: Anmeldelse: Nexuiz Les også: Sniktitt: Shootmania Storm

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen