Lightning vender tilbake

Final Fantasy XIII-sagaen er ikkje over heilt enno.

Dei to Final Fantasy XIII-spela har vore veldig polariserande. Sjølv om begge spela falt i smak her i gården, er det som vanleg for serien svært delte meiningar om kor god kvaliteten eigentleg er. Det kan likevel ikkje vere mykje tvil om at spela har vore innbringande for Square Enix sidan dei i natt via ei direktesendt tilstelning annonserte det tredje og siste spelet i serien; Lightning Returns: Final Fantasy XIII.

Dette blir ikkje ein vanleg oppfølgjar som følgjer deg same prinsippa som forgjengaren. Borte er gruppemekanikkane som let deg setje saman eit knippe heltar, og i staden følgjer vi Lightning på eit einsamt eventyr for å redde verda. Som ein konsekvens vil vi få eit heilt nytt kampsystem som bryt drastisk med forgjengarane. I staden for menyar og paradigmesystemet vi har sett i dei andre Final Fantasy XIII-spela vil du kunne leggje forskjellige angrep til knappane på kontrollaren.

Som eit ledd i det nye kampsystemet kan du skreddarsy Lightning slik du sjølv vil gjennom våpen og utstyr. I tillegg til å skifte utsjånad avhengig av kva ho går i, vil utstyret gje ho nye angrep og eigenskapar. Utover det vil ho kunne sakke ned tida for å høvle over fiendane med stil.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII vil utspele seg fleire hundre år etter Final Fantasy XIII-2. I ei verd beståande av fire samanhengande øyer vil du kunne utforske fritt og utan dei lineære vegane som har prega dei tidlegare spela. Ein nye dag- og natt-rytme vil òg påverke verda. Samtidig vil du få større direkte kontroll over Lightning. Til dømes kan du hoppe, klatre og snike deg rundt.

Eit viktig element i Lightning Returns: Final Fantasy XIII er ei dommedagsklokke som tel ned til slutten på verda. Vi byrjar eventyret når det berre er 13 dagar igjen før alt går i svart. Dette vil få mykje å seie for korleis du spelar, sidan enkelte handlingar kan få tida til å gå fortare framover. Skulle Lightning døy kan du til dømes vekkje ho til live igjen ved å bruke tid frå denne klokka. Alt går derimot ikkje feil veg, og enkelte handlingar som å drepe fiendar vil kunne skru klokka litt tilbake.

I klassisk Square Enix-stil har vi så langt berre ord å gå på. Under kunngjeringa i natt demonstrerte dei ein tidleg versjon av spelet, men vi må fint ta til takke me då vente på å få sjå noko reelt. I mellomtida kan nedanfor du sjå gjennom fire noko pretensiøse videoar der utviklarane snakkar om måla med spelet.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII blir lansert ein gong i løpet av neste år.

Les også: Intervju: Final Fantasy XIII-2
Les også:
Anmeldelse: Theatrythm: Final Fantasy

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen