Likar du å smadre bilar?

FlatOut-studioets neste bilspel er ute på Steam Early Access.

I fjor haust lanserte FlatOut-studioet BugBear ein Kickstarter-kampanje for eit nytt bilspel som skulle hente inspirasjon frå spel som Destruction Derby, FlatOut og Street Rod. Den kampanjen gjekk ikkje heilt etter planen, og med ei veke igjen avslutta dei den fordi dei innsåg at dei ikkje ville nå målet sitt.

Dei finske utviklarane gav likevel ikkje opp, og no har dei lansert ein tidleg versjon av det komande bilspelet Next Car Game på Steam Early Access. Du får ikkje mykje i den først utgåva – to kjerrer og to baner – men utviklarane lovar at mykje nytt innhald vil blir inkludert i regelmessige oppdateringar.

Satsar på robust skademodell

BugBear lovar overbevisande fysikk.
BugBear lovar overbevisande fysikk.

Eit av salspunkta til Next Car Game er ein fysikkmodell som vil smadre bilane på svært avanserte og overbevisande måtar. I ein video du kan sjå nedanfor artikkelen blir vi vitne til korleis fleire bilar blir sende gjennom ulike testbaner. Her får vi sjå alt frå bilar som veltar stablar med bildekk, til ein bil som blir sendt gjennom ei kvern med noko som best kan skildrast som eit tragisk utfall. Felles for alt du får sjå er bilar og gjenstandar som blir bøgde og hamra frå kvarandre på realistisk vis.

I tillegg til solid fysikk lovar BugBear at spelet deira vil by på både actionfylt racing og klassiske Destruction Derby-scenario. Om du ikkje hugsar dette klassiske PlayStation-spelet frå 90-talet går det enkelt og greit ut på at ein arena blir fylt opp med bilar som gjer sitt aller beste for å lage vrakgods av kvarandre.

I tillegg til dette lovar utviklarane ei garasje der du kan skru saman dine eigne bilar. BugBear skriv sjølve på Steam Early Access-sida si at mykje av gleda i spelet kjem frå å ta frå kvarandre bilar, og setje dei saman igjen slik det passar deg.

Kor raskt nytt innhald vil bli tilgjengeleg i Next Car Game går ikkje BugBear i detalj på, men dei var klare med første oppdatering berre nokre timar etter at spelet blei lansert på Steam Early Access.

Treng du meir gummi å svi i vintermørkret kan du ta ein kikk på våre meinigar om Forza Motorsport 5 og WRC Fia World Rally Championship 4.

 

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen