Lita mus på farlege eventyr

Animatør byr på musestrekar inspirert av ICO og Dark Souls.

Vi ser ofte spel som demonstrerer kva store utviklarteam med solide budsjett kan få til av visuelt slåande spel. Av og til dukkar det derimot opp prosjekt som viser kva berre ein enkelt person kan få til så lenge kreativiteten er på plass.

Eit slikt prosjekt er Ghost of a Tale. Dette spelet som framleis berre er på prototypstadiet kjem frå Lionel Gallat, ein animatør som har jobba på filmar som Despicable Me og The Loranx. No vil han derimot leve ut draumen og skape noko heilt på eiga hand.

I Ghost of a Tale møter vi ei lita mus i ei farleg verd. Gallat hentar inspirasjon frå spel som Zelda-serien, ICO og Dark Souls. Sidan han jobbar aleine har han ingen mål om å skape eit veldig stort spel, men heller eit lite og underhaldande spel med tydeleg start, midtpunkt og slutt.

Dumme, dumme rottenikker.

I skrivande stund har han fått på plass ein liten teknologidemo der vi får sjå musa springe rundt på ei stemningsfull øy, og må kjempe mot skjelettrotter for å overleve.

Sidan Gallat jobbar aleine på ein gammal PC med til dels utdatert programvare har han bestemt seg for å be publikum har hjelp. Difor har han lansert ein folkefinansieringskampanje på Indiegogo. Han ber om 45 000 euro som han kan bruke til å oppgradere utstyret sitt og hyre inn hjelp slik at spelet kan bli ferdig.

Reint teknisk er animatøren definitivt inne på noko, og det er ganske imponerande kva han har fått til aleine. Teknologidemoen som viser spelet i alfafasen kan du sjå nedanfor.

Les også: Siste innspurt for Elite Dangerous Les også: Første glimt fra Torment-oppfølgeren

Siste fra forsiden