Anmeldelse

Lords of the Realm III

Kva er poenget med eit spel? Underhaldning? Ta del i hendelsane som brettar seg ut framfor deg? Om det er slik, har Impressions Games misforstått alt. Dette spelet handlar ikkje om å delta, det handlar om å lene seg tilbake, og la spelet gjere alt for deg.

Side 1
Side 2

Som eit resultat av dette er det lett å gjere det ein kan for å unngå å bruke tid på slag. Du kan la spelet kalkulere alle slag sjølv, og ofte vinn du, men då er vi jo på ein måte tilbake til rota av problemet. Sitje ved eit bord og tromme med fingrane. Redninga kunne sjølvsagt kome i form av ein fantastisk fleirspelar-modus, men akk nei. Det er nok fleire som har oppdaga spelets manglande kvalitetar, og ikkje ein gong tek bryet med å logge seg på. Dette ser i alle fall ut til å vere situasjonen akkurat no. På det meste har eg funne syv personar som var logga på, men ingen av dei var interessert i å spele. Merkeleg.

Likevel har Lords of the Realm II sine augeblikk. Når du endeleg har teke over eit heilt kart, etter mykje prøving og feiling, får du ein kraftig følelse av at du har oppnådd noko. Det er eit spel som skal vere vanskeleg. England og resten av Europa blei ikkje erobra på ein dag, det er klart det tok tid. Det fungerte berre så mykje betre før. Immersion har fjerna nesten alt som gjor serien bra. Du har ingenting du skulle ha sagt om noko lengre, og det er få som kan akseptere det.

Ein parodi på middelalderen
I likheit med dei tidlegare spela i serien er ikkje den visuelle stilen heilt realistisk, det er eit sterkt karikatur-preg over det heile. Du ser eigentleg ikkje stort til dette, bortsett frå i introduksjons-sekvensen. Den er forsåvidt svært bra, med 3D-grafikk som faktisk ser ut som eit måleri. Grafikken i spelet er derimot ikkje like overbevisande. Kartet er generelt sett eit flatt område med eit par bygningar strødd omkring. Visse bygningar gir også frå seg røyk, men denne ser merkeleg nok ut som store ballar av bomull.

Når du er i kamp skiftar det til eit meir typisk strategi-perspektiv. Du byrjar med hæra di eit stykke unna fienden, og har litt tid på deg til å bestemme deg for korleis du skal gå fram. Hovudproblema med kampane er at det ser groteskt ut. Teksturane på bakken er sett saman av mange små firkantar, noko som er svært tydeleg, uansett lyssetjing. Områda er blotta for alt som heiter liv, finn du variasjon i terrenget, eller vegetasjon er du svært heldig. Til slutt kjem du fram til borga til fienden, og denne er den same kvar gong, eit kvadrat med ein kloss inni. Er du heldig finn du kanskje eit ekstra kvadrat utanfor, og nokre variasjonar i teksturane. Bortsett frå det er det ein ting som lett oppsumerar Lord of the Realm III sin komplette visuelle side: Einsformig.

Lyden er mykje betre. Lords of the Realm III har veldig stemningsfull musikk. Noko som er ei god hjelp når du byrjar å kjede deg. Det er variasjonar med trommer, strykarar of fløyter. Generelt sett står denne til tidsepoken spelet er lagt til svært bra. I tillegg har spelet respektable lydeffektar. Det er ingenting spektakulært, men dei er overbevisande, og set deg i stemning. Når du gir beskjedar til folk, gir dei deg alltid eit bekreftande svar. Dessverre har mange forskjellige soldatar dei same stemmene. Verst av alt er at Impressions ikkje ein gong har tatt seg bryet med å spele inn eigne stemmer for kvinnene i spelet. Vel dutil dømes ein kvinneleg bonde til å okkupere eit område, kan du banne på at svaret kjem frå ein barsk mann i sin beste alder.

Konklusjon Lords of the Realm III er vel det du kan kalle ein gedigen skuffelse. Det er eit spel som manglar omtrent alt som skal til for å skape engasjement. Det har idèane, men når dei er fullført så dårleg som her, fungerar det ikkje. Det blir for vanskeleg, og utan noko som dreg deg tilbake, blir du ikkje frista til å prøve fleire gongar. Det er dette som er den største forskjellen på Lords of the Realm II og III. Før var det i det minste noko som fekk deg til å kome tilbake. Det var ting å gjere, og du var fri til å styre over riket. I seriens tredje variant mistar du all kontroll. Det einaste du kan gjere er å ansette folk til å styre for deg, medan du set deg tilbake i stolen og leikar einmanns-sjakk.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden