Anmeldelse

Lords of the Realm III

Kva er poenget med eit spel? Underhaldning? Ta del i hendelsane som brettar seg ut framfor deg? Om det er slik, har Impressions Games misforstått alt. Dette spelet handlar ikkje om å delta, det handlar om å lene seg tilbake, og la spelet gjere alt for deg.

Side 1
Side 2

Det skal godt gjerast å finne eit spel som er mindre interaktivt. Etter den korte og enkelt og greit forferdeleg dårlege "tutorial"-en får du inntrykket av at: ”Hei, dette kan no i det minste vere litt underhaldande”. Det du ikkje veit er at tutorialen har hoppa over halvparten av spelet, og kun fokuserte på kampane. Ein dårleg tutorial som får eit spel til å framstå betre enn det er. Høyrest ikkje det lovandes ut? Hovudgrunnen til at denne tutorialen er elendig er at den kun tar seg av sjølve krigsbiletet. Sidan du kjem til å bruke mesteparten av tida di på verdskartet, og det heller ikkje følgjer med nokon manual, set dette deg i ein ganske håplaus situasjon svært tidleg.

Eit spel for latsabbar
Verkelegheita er at det på sett og vis er ganske realistisk dette her. Som dei tidlegare spela i serien er det middelalderen, og spesielt England som står i høgsetet. Om du var konge i middelalderen, hadde du gjerne slått deg ned på kongetrona, og slappa av heile dagen. Jobben lar du andre, meir kvalifiserte personar ta seg av. Forskjellen er at i verkelegheitas middelalder hadde kongen i det minste eit val. Her blir du ufrivillig tilskodar til eit hendelsesforløp som er så treig og nitrist at det er vanskeleg å forstå kvifor ein orkar.

Lords of The Realm III er eit spel som på mange måtar tek for seg balanse og økonomi. Du må sørge for at alle i riket ditt har det dei treng, samtidig som du må beskytte det, og ta over nye. I motsetning til andre liknande spel, og forsåvidt Lords of The Realm II, er dine innspel på kva som skjer, sterkt redusert. Det einaste du i praksis må gjere er å bestemme kven som skal styre kvar del av riket ditt. Når du har gjort det, gjer dei alt sjølv. Vil du bygge nye soldatar? Det skjer automatisk. Vil du justere kva type mat du vil ha inn? Det skjer automatisk. Vil du ha kontroll over økonomien? Ja, det også skjer automatisk.

Dette hadde ikkje vore så ille om sjølve krigføringa hadde hatt sterkare fokus, men neidå. For å gå frå eit område til eit anna tar det uendeleg lang tid. Soldatane dine er treigare enn maur sett frå verdsrommet. I staden for å ta oppmerksamheite vekk frå kjedelege økonomiske syslar du ikkje kan gjere stort med, dreg soldatane deg heller tilbake dit. Kva ellers skal du gjere? Det er vel ikkje mange som kjøper eit spel for å tromme med fingrane på bordet medan dei studerar maur som slit seg over skjermen?

Kunstig "intelligens"
Den dårlege "tutorial"-en som eg nemnde tidlegare gir eit inntrykk av at kampane er i det minste litt engasjerande. Hadde det ikkje vore for elendig kunstig intelligens, og nokre merkelege idèar frå Impressions Games sin side kunne det nok ha vore slik. For det første, når du angrip ei borg har av ein eller anna merkeleg grunn alle soldatane plassert seg på fremste mur. Sjølv om dei har pil og boge, har katapultane dine enda større rekkevidde. Du kan stå der og skyte ned borga, og soldatane gjer ikkje noko før dei dett ned på bakken. Då reagerar dei og spring mot deg. Eventuelt kan du angripe borga frå baksida, då er du i alle fall trygg på at ingen merkar det!

Det andre store problemet med kampane er at det er praktisk talt umogleg å flanke fienden. I staden for at kvar soldat på kartet er eit individ, blir ei gruppe soldatar slått saman til ein. Om denne gruppa står på ei lang rekke, og du tenker du skal ta dei ytterste først og jobbe deg innover, ventar det deg ei overrasking. Ingen av soldatane dine gjer noko som helst anna enn å springe før dei har nådd fram til midtpunktet av ein formasjon. Uansett korleis du vil angripe, er det alltid midtpunktet troppane dine vil gå etter. Dette i seg sjølv set ein stoppar for mykje av det som heiter taktikk. Dei forskjellige formasjonane soldatane dine kan bevege seg i, blir også heil meiningslause.

Forferdeleg uoversikteleg Medan du er oppteken med den delen av spelet som i alle fall byr på litt underhaldning legg du merke til skrifta som glir stille og rolig forbi på toppen av skjermen. ”Du har tapt eit slag”, ”Byen din i Hampshire er øydelagd”. ”Kva i svarte f...?” tenker du kanskje, og innser det som er smerteleg opplagt. Tida går, er du opptatt av å vere i kamp har du absolutt ingen kontroll over kva som skjer på verdskartet. Dette medfører nokre sterke konsekvensar. Du tør rett og slett aldri vere på ein meny eller i ein kamp svært lenge av gongen. Du veit aldri kva som skjer. Dessutan får du sjeldan beskjed når fienden bevegar seg inn i ditt område. Om du i det heile tatt får beskjed er det i form av skrift på toppen av skjermen som forsvinn før du i det heile tatt legg merke til at den var der.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden