Anmeldelse

Lost Kingdoms II

Hadde forfattaren av historia i Lost Kingdoms II levd for nokre hundre år sidan, eller eventuelt roa ned med pillene, hadde nok dette blitt ein milepel innan nytenking og originalitet. Den gripande historia om unge Tara Grimface, der ho spring rundt omkring i sterile landskap for å finne ut kven ho er, og kvifor ho er den ho er, hadde danka ut Shakespeare utan konkurranse.

Side 1
Side 2
Side 3

Uoversiktleg og forvirrande
Om ein ser vekk frå elementa har du fem typar kort: "Summons", våpen, sjølvstendige, hjelparar og transformeringskort. "Summons" er kort som manar fram eit vesen til å hjelpe deg i kamp. Desse har ein lei tendens til å dukke opp, sjå fryktingytande ut, og forsvinne igjen utan eigentleg å ha gjort mykje nytte for seg. Våpenkort er omtrent som om du skulle ha eit våpen i handa, men i staden dukkar skuggen av eit monster opp rundt deg, og langar ut etter ein fiende (som forhåpentlegvis står rett framfor deg om kortet skal vere av nytte). Sjølvstendige kort er monster som går rundt av eigen fri vilje inntil kortet er utbrent eller dei har mista for mykje liv. Hjelparane er skapningar som gjer kampane lettare for deg på ein eller anna måte. Dei kan helbrede deg, gjere korta dine sterkare, eller svekke fiendane dine. "Transform"-korta forvandlar deg til enten ein fugl, eit steinmonster eller ein helveteshund. Desse er kun nyttige der designarane har planlagt at du skal bruke dei, fri tenking kan du sjå rimeleg langt etter.

Ein ting som er viktig å hugse på i LK2 er at kvart kort du kastar brukar "mana". I toppen av skjermen ligg helse- og "mana"-barometeret ditt, og når du brukar kort kan desse fort rase nedover i brutal hastigheit. Når du blir tom for "mana" betyr ikkje det at du ikkje kan kaste fleire kort, det som skjer er at korta tar helsa di. I ein hektisk kampsituasjon kan dette bety rask død. Heldigvis spyttar fiendane ut "mana"- og helsesteinar etter kvart som dei tar skade. Desse kan du plukke opp, og vil du alltid halde "mana" på eit høgt nivå bør du vere aggressiv i jakta di på desse.

Dessverre er ikkje helsesteinane like nyttige. Dei gir mindre helse enn størrelsen deira skulle tilseie, og er du først skada er det ikkje sikkert du når fram til nok av dei før du er død. Heile situasjonen blir drastisk forverra av at Tara blir treigare etter kvart som ho mistar liv, og haltar rundt på skjermen. Er du tom for "mana" og har lite liv, får du ikkje kasta kort, og sjansen er stor for at eit monster tar knekken på deg før du får samla inn det du treng av helsesteinar. Hadde helsebarometeret gjort meir for å opplyse deg om at du snart er død, hadde det vore til stor hjelp. Den tynne blå stripa som berre blir mindre og mindre er ikkje nok.

Det finst andre måtar å fornye liv på, men dei er ikkje alltid like effektive. Den beste er å krige i område der du finn ei blå fe. Desse kan du gå opp til for å bruke dei, og dei kjem alltid tilbake etter ei lita stund. Dei hjelper deg på forskjellige måtar, men den hjelpa dei gir varierar, og er ikkje alltid like nyttig. Dei kan fylle opp "mana", fornye livet, eller gi deg tilbake kort du allereie har brukt. Alt dette kan vere svært verdifullt i ulike situasjonar, men når du er døden nær, og feene kun fornyar korta dine gong på gong, er det lett å bli irritert. Ein siste utveg om du ikkje finn verken steinar eller feer er å bruke eit kort som kan gi deg liv. Er du allereie tom for mana er det kanskje meiningslaus, men dei kan fornye livet ditt, og kjøpe deg litt ekstra tid. Som med alt anna har desse også ei stygg bakside. Om du i det heile teke finn eit slikt kort er du heldig. Etter mange timar speling var det kun eit slikt kort i bunken min, og dei var ikkje å finne i kortbutikken heller.

Meiningslaus historie
Om det er eit spel med god og emosjonell historie du er på jakt etter, så vil du ikkje finne nokon av delane her. Historia i seg sjølv er eit samansurium av resirkulerte idear, og du får sjå sørgeleg lite til den medan du spelar. Ofte kan det vere vanskeleg å forstå kvar du er, kvifor du er der, og kva poenget med reisa di eigentleg er. Ein typisk situasjon er at du reiser til ein ny stad, drep nokon monstre, går litt vidare, så brått er brettet over. Om du finn deg sjølv undrande på kva som nettopp skjedde, bør du ikkje blir overraska.

Denne mangelen på ein god driv i historia er i hovudsak det som øydelegg mest for LK2. For at spel i denne sjangeren skal fungere, bør den ha ein av to ting; god og engasjerande historie, eller smart og underhaldande spelestil. I beste fall har spelet begge desse elementa intakt, men LK2 har ingen av dei. Ei kort stund kan det verke som om kampane vil vere nok til å halde liv i spelet, men manglar og feil vil vise seg etter kort tid. I staden for å legge opp til at du må finjustere kortstokkane dine etter kva monster du finn i eit gitt område, kan du like så godt klare deg med ein kortstokk. Så lenge den har effektive kort burde det halde i lengden.

Grafikken har fått ei lita ansiktsløfting sidan forrige gong, men den er på ingen måte imponerande. Områda er fine, og det er til tider flott design, men utførelsen er ikkje spesielt bra. Kjedeleg lyssetting og stive modellar er i hovudsak grunnen til dette. Det er heller ikkje gjort mykje for å puste litt liv i denne verda. Går du inn i ein by vil du ende opp i ei statisk verd der det einaste som bevegar seg er eit par duer og ei og anna fe. Det du møter av figurar i LK2 er stive modellar som står på ein og same stad, og fortel deg ting du eigentleg ikkje har nytte av i det heile tatt.

Enda eit negativt aspekt ved LK2 er kameraet. Som regel må du holde inne C-stikka heile tida for å sjå det du vil. Lar du kameraet leve sitt eige liv vil det i dei fleste situasjonar ende opp med å sjå praktisk talt ingenting grunna kulissane som alltid kjem i vegen. I ein kamp-situasjon skal det ikkje ein skarp hjerne til for å innsjå at dette blir eit problem. Dei fleste er nok meir interesserte i å halde oversikt over korta sine enn å manøvrere kameraet i rett posisjon.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden