Anmeldelse

Lost Kingdoms II

Hadde forfattaren av historia i Lost Kingdoms II levd for nokre hundre år sidan, eller eventuelt roa ned med pillene, hadde nok dette blitt ein milepel innan nytenking og originalitet. Den gripande historia om unge Tara Grimface, der ho spring rundt omkring i sterile landskap for å finne ut kven ho er, og kvifor ho er den ho er, hadde danka ut Shakespeare utan konkurranse.

Side 1
Side 2
Side 3

Unaturlege lydar
Lydbiletet på si side er ei blanda oppleving. Lydeffektar og dialog høyrest ut som om dei er spelt inn i eit enormt rom med veggar av betong. Om dette ikkje skulle gjere nok for å forvrenge lydan kan det av og til verke som om utviklarane har vore av den oppfatning at eit resonansfilter kunne gjere alt mykje betre. Det heile endar ofte opp som tortur for øyra, for det er vel ikkje meininga at ein hund som går skal høyrest ut som stiletthelar på blankpolert golv. Musikken er derimot av ein høgre kvalitet. Nokre av låtene er riktignok litt forvirrande, og repetisjonen kan av og til bli slitsom, men innimellom har From Software prestert å skape nokre riktig stemningsfulle melodiar som burde få den mest nostalgiske rollespel-fantast på gli.

For å prøve å dra ut levetida på LK2, har From Software inkludert ein fleirspelarmodus. Denne går i enkle trekk ut på at Tara og ei klone i andre fargar spring rundt på eit magert utval av brett, og kastar kort på kvarandre. Ved første inntrykk verkar dette svært underhaldande, men når du har spelt igjennom dei få bretta som er til disposisjon eit par gonger, går du fort lei. I staden for delskjerm vil begge spelarane vere på same skjerm, dette fører med seg store kamera problem. Kameraet låser seg ofte i posisjonar som er håplause for enten ein eller begge spelarar. Det er og relativt tåpeleg at monstera som blir mana fram ikkje har noko slags form for fargekoding. Etter kvart som skjermen blir fyllt opp av monster er det umogleg å vite kven som eig kva monster. Resultatet er at spelarane spring til kvar si side av skjermen, og held avstand til alle monstera er vekke. Så mykje for hektiske slag. I hovudsak er fleirspelarmodusen underhaldande ei lita stund, men det blir raskt ganske kjedeleg, og TV-tilbodet ein tidleg søndag fristar meir.

Konklusjon
Lost Kingdoms II gir ikkje inntrykket av å prøve å vere noko som helst anna enn eit kortspel i 3D. Du har ein kortstokk, du har fiendar, og du legg ut kort for å slå desse fiendane. Dette er i korte trekk alt spelet har å by på. Spelet manglar fokus og ein rød tråd for å få deg til å fortsette å legge ut kort. Utan eit mål i sikte blir det raskt veldig uinteressant. Grafikken er stiv, lydeffektane er dårlege, og gameplay generelt er svært lite spanande. Det einaste som pustar frisk luft inn i spelet er musikken i visse område, men til og med den har ein lei tendens til å bli slitsam. Spelet er generelt sett ikkje særleg engasjerande, og når du først har lagt det frå deg, er sjansane små for at du vil plukke det opp igjen. Det er mange GameCube-spel som er verdt pengane fleirfoldige gongar meir enn Lost Kingdoms II. Er det eventyr du vil ha, kjøp Zelda. Vil du banke kameraten din i litt enkel én vs. én-moro, vil du nok finne mykje større glede i Super Smash Brothers.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden