Anmeldelse

Lost Odyssey

Det ultimate rollespelet

Det er berre å bøye seg i støvet, Mistwalker har levert eit av tidenes aller beste rollespel.

1: First page
2: New page

Det er musikken som grip deg først. I det dei første strykarane glir inn gjennom øyrekanalane dine frå startmenyen, veit du at livet ditt er historie dei næraste femti timane. Den episke introduskjonssekvensen forsterkar inntrykket. Store straumar med soldatar møtast som to kraftige bølgjer, og den brutale røyndomen ved krig blir slått inn i auga der enorme krigsmaskiner veltar over slagmarka. Det heile når sitt klimaks i det ei katastrofe utslettar kvar levande sjel. Alle døyr, utanom ein person. Kaim Argonar den udødelege står tilbake, men han anar ikkje kvifor.

Sjarmerende fyllik

Vis større

Video: Lost Odyssey #4

Stikkord:
  • spill
  • xbox 360
  • rollespill
  • Lost Odyssey


Dette er starten som målar bakteppet for eit av dei mest vellukka japanske rollespela nokon sinne. Det er eit spel som gir oss klassiske og velprøvde mekanikkar utført med ein perfeksjonisme du sjeldan ser maken til. Samtidig får vi ei historie som grip om deg i så stor grad at du skal ha eit hjarte av stein om tårene ikkje går sin sigersgang nedover kinna dine.

Når døden er ein draum

Kaim Argonar kan ikkje døy. Han har levd i over tusen år. Gjennom tidene har han møtt folk og blitt glad i dei, berre for å måtte sjå den uunngåelege utgangen i auga. Alle han blir glad i forsvinn. Ein etter ein visnar dei bort, og etter kvart som åra går, er det berre vage minne att. Minner som no er så godt som borte. Kaim har mista fortida si. Han hugsar ingenting, og i løpet av Lost Odyssey vil du sakte men sikker få vite meir om kven Kaim eigentleg er. Ein ting som er sikkert, er at han ligg milevis frå den gjennomsnittlege helten i eit japansk rollespel. Håret hans har ein heilt normal brun farge, han er ikkje i tenåra, og han er ikkje ein foreldrelaus kvalpeunge som nett har sett landsbyen sin bli jamna med jorda.

Som hovudperson i eit japansk rollespel er Kaim ganske unik, og ei svært positiv utvikling for sjangeren. Kaim er ein kompleks person, på høgde med det beste vi finn i både filmar og bøker. Han er bitter og kald, og han har ei naturleg fiendtleg innstilling til det meste. Noko som eigentleg er naturleg med tanke på det lange livet han har levd.

Lost Odyssey let deg ta del i både den pågåande konflikten i verda, og livet til Kaim, samtidig. Det heile er gjort på ein genial måte. Den prisløna japanske forfattaren Kiyoshi Shigematsu har skrive noveller som tek for seg små epokar i livet hans. Hendingar som har gjort inntrykk på han. Rundt omkring i spelet vil ting skje som kan vekkje minna til live igjen, og du vil då få valet om å lese ein draum. Desse draumane blir presentert gjennom tekst, stemningsfulle bakgrunnsbilete og lyd. Det er meisterleg gjort, og forfattaren har ei eiga evne til å verkeleg gripe rundt nervane i kroppen din. Desse historiene i seg sjølv er så triste nokre gangar, at ein nesten blir heilt motlaus av å lese dei.

Effekten av dette er monumental. Etter kvart som du les draumane til Kaim, får du eit heilt anna syn på han. Du blir kjend med han i ei heilt anna grad enn kva du elles ville ha blitt. Ein ting er å sjå noko dramatisk skje med ein eller fleire personar. Du blir kanskje gripen av det, du blir kanskje rørt, men det er noko anna når du kjenner personen. Og det er akkurat den kjensla draumane til Kaim gir deg. Du kjenner han, du veit kven han er, og difor går visse hendingar i spelet veldig sterkt inn på deg. Det skjer ting i dette spelet som sannsynlegvis vil få like stor emosjonell innverknad på folk, som det legendariske dødsfallet i Final Fantasy VII.

Drama utan sidestykke

Lost Odyssey blir fortalt gjennom fleire former. Ein av dei er draumane til Kaim, resten skjer gjennom meir konvensjonelle former. Som med så godt som alle japanske rollespel, vil du gjennom eventyret springe rundt med ein person, i dette tilfellet Kaim. Når du spring rundt i ein by, vil du kunne snakke med folk, og desse har av og til informasjon som kan kome til nytte, men det er yttarst sjeldan du gå hardt til verks sjølv for å drive historia framover. Lost Odyssey er lineært til fingertuppane, men akkurat her kjennest det som den einaste riktige vegen å gå.

Grunnen til det er at produsent og Final Fantasy-skapar Hironobu Sakaguchi vil fortelje deg ei historie. Han vil du skal følgje med på det som skjer, og difor blir vi leia frå det eine området til det andre. Dette sender deg mellom forskjellege situasjonen i eit ganske høgt tempo, og resultatet er at du aldri får tid til å kjede deg, og alltid ser fram til den neste utviklinga i historia.

Historia blir fortalt gjennom svært mange, og til dels lange filmsekvensar. Tidvis går timane unna i eit enormt tempo, og du er eigentleg litt usikker på kor mykje du har gjort sjølv. Ikkje at det betyr noko. Filmsekvensane i Lost Odyssey er regisserte og visuelt framstilte på ein fantastisk måte, som gjer at du blir djupt engasjert. Mykje av dette kjem av ypparleg skodespel, og imponerande ansiktanimasjonar, men den nydelege musikken til Nobuo Uematsu får ofte minst like mykje å sei. Det må seiast at animasjonane ikkje alltid er like vellukka, nokre gangar er det litt stivt og uttrykkslaust. Stiv animasjon høyrer likevel til eit markant fåtal. Det du vil hugse frå Lost Odyssey, er at du verkeleg kunne sjå i auga på personane kva dei tenkjer. Du kan sjå små krummingar av musklane rundt eit auge, noko som er nok til å sjå at ein person går frå å vere optimistisk til å fullstendig miste motet.

Det er imponerande gjort, og det blir enda betre av ei interessant rolleliste der skodespelet er av svært høg kvalitet. Resultatet er at du nesten aldri tenkjer over det. Du tenkjer ikkje over det meir enn du tenkjer over animasjonen i den siste filmen til Pixar. Kvifor skulle du jo det? Du veit jo at animasjonen der vil vere av topp kvalitet, og det er dette som er resultatet i Lost Odyssey òg. I staden for å studere kor god animasjonen eller grafikken er til ei kvar tid, studerar du personane, og ventar i spaning på kva dei vil seie neste gong.

Dette gjeld spesielt Jansen, ein fabelaktig samansett person. Umiddelbart kan ein få innrykket av at han er spelets store idiot, men etter kvart endar han opp som ein av dei klare favorittane. Han er ein sarkastisk, flørtande og smart idiot. Desse skildringane heng kanskje ikkje heilt i hop, men alt blir veldig tydeleg i løpet av spelet. Han er sjølvsentrert over alt anna, og han får deg til å le høglydt. Kommentarane hans er av ein så pass vaksen karakter at dei i seg sjølv gir spelet eit litt spesielt preg. Samtidig er han ei perfekt motvekt for dei dramatiske hendingane i spelet. Du blir ikkje konstant tynga ned av det triste, og noko som framhevar dramaet når det oppstår.

Tilbake i tid

Utviklarane har ikkje prøvd å vere nyskapande med Lost Odyssey. Med andre ord er dette på sett og vis eit steg tilbake til gamle dagar. Der den første tittelen frå Mistwalker, Blue Dragon, gav oss eit fritt kamera, og lèt oss få sjå fiendane før vi hamna i kamp, har alt dette blitt sletta frå Lost Odyssey. I staden skjer kampane på tilfeldige tidspunkt, og kameravinklane er låste. Akkurat dette kan ein eigentleg forstå. For at det skal fungere med synlege fiendar, må ein kunne sjå dei til ei kvar tid, noko som lett blir eit problem med låste kameravinklar. Samtidig gir kameravinkling utviklarane ein sjanse til å skape ei stemning berre ved hjelp av å bestemme kva vinkel vi ser ting frå. Dette har dei klart ypparleg, og dei får veldig godt fram dei forskjellege miljøa.

Den visuelle stilen i spelet er samtidig noko for seg sjølv. Karakterdesignar Takehino Inoue har skapt personar med særpreg som ikkje ser ut om dine typiske heltar med lilla hår. Det er verkelege personar. Samtidig er miljøa kreativt utforma, der kvar nasjon har særtrekk som skiljar dei frå kvarandre. Det er likevel her eit av dei få problema med Lost Odyssey oppstår. Lastetidene kan bli ganske lange når du går frå eitt område til eit anna. Musikk og lyd går framleis medan ein lastar, så ein blir ikkje heilt dratt ut av spelet, men det burde ha vore nokre hakk betre.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden