Lovande bilspel er utsett igjen

Project Cars kjem ikkje i mars likevel, men ventetida blir ikkje mykje lengre.

Project Cars er eit svært lovande folkefinansiert racingspel frå dei erfarne utviklarane hos indistudioet Slightly Mad. Opphaveleg skulle spelet lanserast i november, men det blei utsett til mars fordi utviklarane trengde meir tid for å få spelet så bra som dei ville. I ei pressemelding får vi vite at spelet no er utsett igjen, men heldigvis er det ikkje ei lang utsetjing.

Litt lengre ventetid

Project Cars treng eit par justeringar til før det er klart.
Project Cars treng eit par justeringar til før det er klart.

Etter planen skulle Project Cars lanserast 20. mars, men har no blitt flytta tilbake eit par veker, og vil i staden lanserast for PC, PlayStation 4 og Xbox One 2. april slik at den siste finpussen kan kome på plass.

«Å flytte sleppdatoen var ikkje ei lett avgjersle å ta, sidan vi veit fansen vår gler seg til å få prøve Project Cars. Vi veit likevel at desse ekstra dagane vil gje oss sjansen til å tilby den opplevinga fansen vår fortener,» fortel Slightly Mad Studios-sjef Ian Bell i pressemeldinga.

Etter alle dei uferdige spela som har vore lanserte den siste tida, er det nok fornuftig av Slightly Mad Studios å utsetje spelet, om enn for berre nokre veker. Spel som blir dytta ut for tidleg blir raskt møtt med sterke reaksjonar, noko kaoset rundt Assassin's Creed Unity og Halo: The Master Chief Collection er gode døme på.

 

 

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen