Lovande rollespel får oppfølgjar

Square Enix vil gjere sjarmerande Bravely Default til ein serie.

Om du har sakna japanske rollespel av den gamle sorten, er 3DS-rollespelet Bravely Default godt mogleg spelet du har venta på. Rollespelet er sterkt inspirert av gamle Final Fantasy-spel, og byr på mange kjennemerke frå den mest kjende serien til Square Enix. I Bravely Default får du reise på eventyr der turbaserte kampar og eit stort verdskart er blant ingrediensane.

Bravely Default kjem i sal i Noreg og resten av Europa på fredag. I dag fortel nettstaden Siliconera at Square Enix i nyaste nummer av den japanske spelblekka Jump like godt har feira det europeiske sleppet med å kunngjere ein oppfølgjar. Denne og til 3DS.

Spelet får den klengande tittelen Bravely Second og vil halde fram historia nokre år etter eventyret i Bravely Default er over. Bravely Second er samtidig namnet på ein funksjon i Bravely Default som let deg bruke poeng (og pengar) på å kome deg lettare gjennom kampar. Om det er nokon samanheng mellom denne funksjonen og namnet på oppfølgjaren vitast ikkje.

Tradisjonelt rollespel

Bravely Default er eit japansk rollespel av den gamle sorten.

Artikkelen i Jump byr ikkje på mykje informasjon om spelet, men kan fortelje om ein ny karakter i form av kvinna Magnolia. Utover det ser det ut til at spelet tek vare på den særeigne grafiske stilen til Bravely Default. Det spelet byr på ein kombinasjon av 3D-miljø og handteikna bakgrunnar som står sterkt i tråd med Square Enix sine eldre Final Fantasy-spel.

Den grafiske stilen er ikkje det einaste ved Bravely Default som kan sende tankane til Final Fantasy. Gjennom det turbaserte kampsystemet vil du få bryne deg på eit jobbsystem sterkt inspirert av Final Fantasy V, der du kan byggje opp karakterane slik du vil, samt blande eigenskapar mellom jobbklassane.

Du kan sjå fram til vår vurdering når vi har kome oss gjennom det massive rollespelet som lanserast på fredag. Om Bravely Second kjem til Europa er så langt ikkje godt å seie, men Square Enix vil sannsynlegvis sjå korleis mottakinga til Bravely Default blir først.

Skulle du vere på jakt etter anna rollespelmoro frå Japan kan kanskje det svært solide Tales of Xillia til PlayStation 3 vere verdt å sjekke ut.

Siste fra forsiden