Luftkamp i EVE-universet

Islandske CCP leikar seg med VR-brillene Oculus Rift.

I desse dagar går CCP sin Fanfest av stabalen på Island. Her hentar EVE Online-studioet inn folk som elskar spela deira til ein minifestival der fokuset er snakk om CCP-spel, og kanskje ei og anna kunngjering.

I år har CCP vist fram noko heilt spesielt. Ei lita gruppe utviklarar hos CCP har i sju månader jobba med EVR, eit spel i EVE Online-universet som let deg krype inn i eit romskip for å ta del i ville luftkampar. Samtidig nyttar spelet virtual reality-brillene Oculus Rift, noko som betyr at du kan sjå rundt deg i 360 grader i staden for å måtte feste blikket på ein skjerm.

I spelet tek du på deg rolla som ein pilot for enten Amarr eller Minmatar, og desse to sidene går til kamp mot kvarandre i eit asteroidefelt. Nøyaktig kor mange spelarar som er på kvart lag ser det ut til å vere litt tvil om. PC GamesN hevdar spelet støttar seks mot seks spelarar, medan Eurogamer på si side påstår spelet held seg til tre spelarar per lag.

EVR er bygd på Unity-motoren og brukar kjeldemateriale frå EVE Online. Det er altså eit heilt sjølvstendig spel, og det er ingenting med EVR som tyder på at Oculus Rift er på veg til EVE Online, eller PlayStation 3-skytespelet Dust 514.

EVR er ikkje offisielt eit spel under utvikling heilt enno, og om det blir noko meir enn eit artig sidesprosjekt ser det ikkje ut til at nokon veit i skrivande stund.

Les også: Sniktitt: Dust 514 Les også: MAssivt helgeslag i EVE Online

Siste fra forsiden