Magic: The Gathering kjem til Xbox One

Men PlayStation-publikummet må klare seg utan årets kortmagi.

Wizards of the Coast og Carmageddon-studioet Stainless Games har gjort god suksess med sine Magic: The Gathering: Duels of the Planeswalkers-spel. Det første spelet dukka opp i 2009, og sidan 2011 har vi fått årlege utgåver av den digitale versjonen av det gamle og høgt elska samlekortspelet.

2014 blir ikkje noko unntak, og no har Wizards of the Coast i ei pressemelding kunngjort Magic: The Gathering: Dules of the Planeswalkers 2015. Denne gongen kjem spelet for første gong til Xbox One, ved sidan av Xbox 360, Android, iPad og Windows. Verdt å merke seg er at spelet ikkje kjem til verken PlayStation 3 eller PlayStation 4.

Større fridom

Slik blir årets utgåve av Magic: The Gathering sjåandes ut.

I pressemeldinga blir vi lova mykje større fridom til å byggje dei kortstokkane vi vil ha. Utviklarane lovar at vi skal få skru saman korta slik vi sjølv vil, men om vi omsider får lov til å byggje dei heilt frå grunnen av seier ikkje pressemeldinga noko om.

Ved sidan av dette vil spelet by på ein ny opplæringsmodus som vil gjere det lettare for nybyrjarar å forstå korleis spelet fungerer. Spelet vil kome med nye utvidingspakkar som byr på mange nye kort frå Magic 2015.

Spelet vil bli tilgjengeleg i løpet av sommaren, men nokon nærare dato er ikkje spikra.

Wizards of the Coast er ikkje dei einaste som lagar kortspel. Blizzard lanserte nyleg sitt solide kortspel Hearthstone: Heroes of Warcraft.

Siste fra forsiden