Anmeldelse

Magic The Gathering: Battlegrounds

Det enormt populære kortspelet inntar Xbox, men dette er ikkje Magic The Gathering slik du kjenner det.

Side 1
Side 2
Side 3

Å samle mana Mana regenerar seg sjølv over tid, og di meir mana du har, di fortare vil den regenerere seg. Har du brukt opp alt du har av mana, vil det med andre ord ta lengre tid å regenerere den enn om du har ni prikkar igjen. For å få denne prosessen til å gå fortare kan du samle manabitar frå døde monster. Alle skapningar legg frå seg slike krystallar når dei dør, og antalet avheng av styrka på skapningen. Her og finnest det andre metodar for å gå fram. Til dømes kan ein spelar som brukar grøn magi hente fram alvar som regenererar mana over tid

No sit sikkert alle fanatiske Magic-spelarar og skrik ”voldtekt!” i eit samla kor, men vent litt. Battlegrounds er eit heilt anna spel enn kva kortspelet er. Eit slag magic kan ta alt frå få minutt til mange timar, Battlegrounds er eit hektisk og intenst spel, der tempoet er i høgsetet. Ei slavisk konvertering av Magic har vore gjort før, noko som gjer det ekstra moro med denne vrien på formularet. I Battlegrounds kan du på mange måtar sei du hoppar inn og er helten, i staden for å sitje og fordele magi på trygg avstand.

Sidan tempoet er mykje høgre i Battlegrounds blir det enda viktigare å planlegge strategien din før du startar eit spel. Det er lurt å lage ein slagplan for kva du skal gjere i ein gitt situasjon, slik at du er forberedt på det meste. Det er lett å tru du er uslåleg med mange kraftige monster i bunken, berre for å måtte springe med halen mellom beina når motstandaren din sender ei hær med billige vesen mot deg. Dette er noko som lett kan skje om du vel å spare mana, framfor å gå offansivt ut tidleg. Å spare mana kan vere ein risikabel taktikk, sidan motstandaren din kan avle fram ei lita hær på den tida du brukar på å få fram eit kraftig monster. Sidan Battlegrounds foregår i sanntid blir det viktig å vite kva du vil til ei kvar tid.

Solid fleirspelar-modus Folk er som kjent forskjellige, derfor blir er det først og fremst i fleirspelar-modus at den største utfordringa og moro-faktoren viser seg. Å spele mot maskina blir lett forutsigbart, sidan den kunstige intelligensen stort sett begrensar seg til dei same kombinasjonane gjentatte gongar. At spelet blir mindre forutsigbart ved å spele mot vener er ikkje det einaste som gjer fleirspelar-modusen betre. Visse typar magi blir av og til svært vanskelege å bruke når du spelar mot maskina.

Spesielt bemerkar ”Counter Spell” seg som litt vrien å bruke i kampens hete. Med denne type magi kan du avbryte mostandaren din i det han held på å mane fram ny magi. Problemet er at sidan spelet no er i sanntid, får du ikkje tid til å avbryte mostandaren sin magi før det er for seint. Resultatet er at du kastar vekk mana poeng på absolutt ingenting. Det einaste denne magien eigentleg fungerar mot, er magi som tar lang tid å mane fram. Fordelen i fleirspelar-modus er at då har begge spelarane det same hinderet når det gjeld denne type magi.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden