Anmeldelse

Magical Starsign

Magical Starsign gjer meg skikkelig glad i Nintendo DS. Det skjer ikkje ofte.

Det er frykteleg mange sjølvhøgtidlege og alvorlege spel der ute. Det er krig, elendigheit og ein fullstendig mangel på humor. Eg har innsett noko gjennom dei timane eg har kosa meg med Magical Starsign. Det er for få tullespel der ute. Det er for få spel som tar seg sjølv så uhøgtidleg og upretensiøst at dei gjerne sparkar sin eigen sjanger i rumpa. Dette er eit spel som gjer deg glad. Glad fordi det er eit atypisk rollespel som samtidig presterar å få deg til å le. Gapskratte faktisk, god underhaldning er det. Det er eit spel med ei historie som ikkje held mål, og det er det fullt klar over.

Ironien startar frå første sekund. Som vanleg i eit japansk rollespell trer du inn i rolla som folk langt under seksuell lavalder. Det heile startar på eit magisk universitet der læraren har forsove seg, igjen. Elevane er sure og grinete (med visse unntak sjølvsagt), for dette er nok den einaste klassen i dette universet som faktisk går inn for å lære noko. Herifrå blir raskt den kjære frøkna deira sendt ut på hemmeleg oppdrag, men når ho etter tre månader enda ikkje er tilbake, anar elevane ugler i mosen. Her kjem sjølvsagt du inn i biletet, og ein etter ein hoppar dei litt naive smårollingane inn i rakettar for å finne den kjære læraren sin. Noko må jo være gale, og det er det sjølvsagt og.

Som eit resultat blir elevane spredd rundt til forskjellige planetar i solsystemet, og på di reise gjennom rommet må du finne igjen og samle dei alle som ein. Du må gjerne gjennom ein god prosjon trøbbel for å finne dei og. Ein av dei får hovudet sitt kappa av fordi det eignar seg godt som batteri, ein anna blir jaga av eit elles slapt rompoliti. Gjennom denne smått banale reisa får du oppleve forskjellige absurde rasar og personar. Vegen er kort frå ein gjeng med beverar som trur dei er piratar, til rompolitiet som er så uinteressert i å gjere noko fornuftig at dei sender deg frå skranke til skranke i staden for å ta seg tid til å snakke med deg.

Litt gammalt og litt nytt

Sidan dette tross alt er eit japansk rollespel av beste sort, finn vi og eit solid og gjennomført kampsystem. Alt skjer etter tur, kampane er tilfeldige, men det er ikkje noko plagsomt i det heile. Du får gå langt mellom kvar kamp, og dette kampsystemet har eit så markant særpreg at det er lett å bli fascinert.

I og med at desse småtassane du spring rundt med er elevar på eit magisk universitet, seier det nesten seg sjølv at dei er gode i magi. Gjerne betre i magi enn fysisk akrobatikk. Alle har kvart sitt element dei er gode i, og i starten har dei kun ein trylleformel å bidra med. Å setje element opp mot kvarandre er ekstremt viktig. Såpass viktig at du misforstår heile poenget med spelet om du ikkje tar det til deg. Planetar går i bane rundt sola, og om planeten som samsvarar med elementet til ein karakter er i bane, då blir magien fin og svulstig.

Dette fungerar sjølvsagt to vegar. Er du i kamp mot fiendar som brukar steinmagi, og steinplaneten brått kjem i bane, då er du eigentleg i trøbbel. Du gjer og lurt i å kaste den som skulle være svak mot stein ut av gruppa. Seinare får du og tilgong på magi som kan la deg flytte på planetar. Med andre ord kan du forme situasjonen som du vil, eller redde deg ut av prekære situasjonar ved å tenke klokt.

Presisjonstrykking

Ein artig detalj ved magisystemet er at du kan få ein bonus på angrepet ved å trykke på skjermen akkurat i det magien blir kasta. Det er beinhard timing, men det er verdt å få med seg. Dette gir deg og litt ekstra engasjement i kampane, sidan du vil ha den bonusen, og gjerne blir lettare frustrert når du ikkje får den. Noko som ikkje er fullt så tøft med kampane er at det vil ta deg år og dag å få ny magi. Kvar karakter startar som sagt med ein magiformel, og det vil ta deg timar mellom kvar gong du får deg ein ny. Akkurat dette gjer raskt kampane hakket for repetitive, men du får litt belønning i form av nye karakterar som bringer ny magi med seg.

Det beste med Magical Starsign er nesten den totale bruken av trykkskjermen. Du brukar aldri ein einaste knapp i dette spelet. Alt skjer ved hjelp av skjermen, og det fungerar akkurat slik ein gjerne vil at det skal fungere. Med unntak av nokre situasjonar der følget ditt nektar å stoppe opp, er det ingenting å reagere på her. Alt er kjapt tilgjengeleg, og eg må innrømme det er litt deilig å slenge armen bak hovudet medan eg sender mine staute heltar ut i kamp.

Dette eventyret i rommet er kanskje ikkje det mest grafisk imponerande spelet å finne på Nintendo DS, men det bringer den sjarmerande verda til live med sterke fargar og fantasifull design. I og med at du besøker planetar som alle er basert på eit element, er det og stor variasjon i dei forskjellige områda du reiser til. Dei er heller ikkje så store i omfang at du rekk å bli lei før du kastar deg inn i raketten på veg mot neste mål. Gjennom heile reisa blir du akkompagnert av lystig og triveleg musikk. Magical Starsign vinn kanskje ingen prisar for beste lyspor, men det gjer jobben sin godt nok.

Konklusjon

Magical Starsign er nettopp det; magisk. Du slepp unna alt mas og tjas og kan berre kose deg med ei herleg absurd verd. Hadde spelet hatt hakket meir variasjon i kva du faktisk gjer, kunne det nådd høgre opp. Men med eit veldig begrensa utval i magi, endar du raskt opp med å gjere det same heile tida. Det blir og litt mykje springing fram og tilbake etter kvart. Dette er likevel noko det er lett å tilgi. Spelet sprudlar av sjarme, og det får deg til å direkte kose deg gjennom dei timane det tar å fullføre.

Magical Starsign har og ein flerspelarmodus for de som har fleire kopier av spelet. Dette har vi dessverre ikkje fått prøvd.

Siste fra forsiden